Rettar

Ein rett er knytt til sertifikatet og kan gi deg løyve til å utføre bestemte oppgåver, flyge éin bestemt flytype eller flyge ei gruppe luftfartøy med tilsvarande eigenskapar.

Klasserett

Du kan knyte ein klasserett til eit flysertifikat som gir deg løyve til å vere fartøysjef på fly innanfor ei avgrensa gruppe med fly. Vi skil mellom klasserett for fly med éin stempelmotor (Single-Engine Piston, SEP), fleire stempelmotorar (Multi-Engine Piston, MEP) og motorglidar (Touring Motor Glider, TMG). I tillegg skil vi mellom fly som kan lande på fast underlag (land) eller vatn (sea). For å kunne flyge med eit fly med éin motor (t.d. Cessna 172) frå ein flyplass, må du ha klasseretten SEP (land).

Dersom du skal flyge, er det viktig at du trenar tilstrekkeleg og rett. Vi skil mellom tilvenjing og differansetrening.

Tilvenjingstrening

Trening definert som tilvenjing inneber at du sjølv, som fartøysjef, må sørgje for at du har kunnskapen og kompetansen som trengst for å føre flyet på ein sikker måte. Du må som minimum lese flyboka før flyging. Tilvenjingstrening er normalt tilstrekkeleg for å flyge ulike fly innanfor same klasserett dersom desse er like i utrusting og eigenskapar. Klubbar, eigar av flyet eller forsikringsselskapet kan likevel stille spesielle krav til utsjekk.

Differansetrening

Dersom flyet har spesialutrusting eller spesielle eigenskapar, er differansetrening påbode etter lov. I praksis inneber dette at du må ha ein teoretisk gjennomgang og praktisk flyging saman med ein instruktør. Instruktøren skal også føre inn utsjekken i den personlege loggboka di for å dokumentere at differansetrening er gjennomført.

Produsent Fly   Innteikning i sertifikatet
Alle produsentar SEP (and) D

SEP (land)

 

SEP (land) med variabel propell
SEP (land) med opptrekkbart understell
SEP (land) med turbo eller «super charged» motor
SEP (land) med trykkabin
SEP (land) med halehjul
SEP (land) med glasinstrumentering (EFIS)
SEP (land) med éin motorkontroll (SLPC)
SEP (sea) D SEP (sea)
SEP (sea) med variabel propell
SEP (sea) med turbo eller «super charged» motor

 

Produsent Fly Innteikning i sertifikatet
Alle produsentar Alle motorseglfly som har integrert motor eller propellar som kan fellast inn. TMG

Typerett

Du må ha typerett for luftfartøy der det blir stilt krav om ekstra trening utover grunnopplæring og klasserett. Ein typerett blir ført inn i sertifikatet og gjeld for EASA-luftfartfartøy. Det vil seie at luftfartøyet har eit EASA-typesertifikat. 

Du finn her ei oversikt over EASA-luftfartøy som krev typerett.

For luftfartøy som flyg etter nasjonale reglar, blir det nytta eit særskilt løyve til tenestegjering. Dette blir brukt for dei såkalla Annex II-fartøya.
Du kan lese meir om dette løyvet her. 

Skjema
Viss du vil forlenge eller fornye retten, nyttar du dette skjemaet:
NF-1027 E Class Type Rating Single-Pilot Aeroplanes except for high performance complex aeroplanes

Instruktørrett

For å lære andre å flyge må du ha instruktørrett. Det finst totalt ni ulike kategoriar av instruktørar. I tillegg blir det skilt mellom instruktør for fly, helikopter, luftskip, seglfly og ballong. 

Dei mest relevante instruktørkategoriane for klasseretten SEP og tilleggsrettar er:

FI – Flight Instructor – flygeinstruktør
Du må ha denne retten dersom du skal gi instruksjon til eit PPL- eller LAPL-sertifikat. 

CRI – Class Right Instructor – Klasserettinstruktør
Med denne retten kan du ikkje instruere til grunnleggjande flygeopplæring, men du kan gi differansetrening innanfor klasseretten SEP. Du kan også instruere til mellom anna tilleggsrettane akro og sleping. 

Skjema
Viss du vil forlenge eller fornye retten, nyttar du dette skjemaet:
NF-1046 E3 Instructor Certificate Aeroplane revalidation & renewal

Kontrollantrett

Alle som ønskjer sertifikat eller ein ny rett, må flyge og bestå ei ferdigheitsprøve (skill test) med kontrollant. Kontrollanten skal sjekke at du har kunnskapen og ferdigheitene som krevst for å flyge på ein trygg måte. Dersom du ønskjer å fornye eller forlenge ein rett, må du gjennomføre og bestå ein ferdigheitskontroll (proficiency control). Kontrollanten speler ei viktig rolle i flytryggleiksarbeidet og skal kontrollere at alle kandidatar til sertifikat og rettar har tileigna seg dei venta ferdigheitene for trygg flyging.

«ferdigheitsprøve» påvising av ferdigheiter for utferding av sertifikat eller rett, inkludert ei eventuell munnleg prøve som kan vere påkravd.

«ferdigheitskontroll» påvising av ferdigheiter for å forlenge eller fornye rettar, inkludert ei eventuell munnleg prøve som kan vere påkravd. 

For å oppnå ein kontrollantrett må du gjennomføre eit kontrollantkurs i regi av Luftfartstilsynet. I tillegg til kontrollantar som gjennomfører prøver til sertifikat og rettar, finst det kontrollantar som gjennomfører språkprøver. 

Du finn ei oversikt over norske kontrollantar her

Instrumentrett

Vi har i utgangspunktet to typar flygereglar i Noreg. Visuelle flygereglar (VFR) inneber at luftfartøyet blir ført med visuell kontakt til terrenget og hindringar. Åtskiljing frå andre luftfartøy blir gjort med visuell kontakt. Dersom du fører flyet etter instrumentreglane (IFR), blir flyet kontrollert etter instrument om bord. Åtskiljing mellom luftfartøy blir først og fremst sikra med klareringar og styrekommandoar frå lufttrafikktenesta i tillegg til inn- og utflygingar som er beskrivne i prosedyrane. 

Dersom du ønskjer instrumentrett, vil dette krevje eiga teoretisk og praktisk trening for flyging under instrumentforhold. Det finst fleire ulike nivå som gir deg rett til å flyge IFR. I dag blir inn- og utflyging til flyplassar og undervegsnavigasjon basert på satellittsystem.

Frå og med 25. august 2018 blir det stilt krav til eige PBN-privilegium for å flyge ytingsbasert navigasjon (PBN – Performance Based Navigation). Vi har publisert AIC N 12/18, som beskriv korleis du kan få eller utvide instrumentretten din til også å omfatte PBN.

Full instrumentrett (IR)
For å få denne retten må du som minimum ha PPL. Med denne retten kan du utføre inn- og utflyging med instrument i tillegg til undervegsnavigasjon IFR. 

Instrumentrett for undervegsflyging (EIR)
For å få denne retten må du som minimum ha PPL. Denne retten gir deg høve til å flyge instrument undervegs. Med denne retten kan du til dømes gjere ein skygjennomgang og flyge i instrumentforhold i undervegssegmentet av flyginga. Du kan derimot ikkje gjennomføre inn- eller utflyging frå flyplassen IFR. 

Instrumentflyging er krevjande. Det er difor viktig at du trenar hyppig på dette. I Noreg har vi til tider ising både sommar og vinter. Dermed er det viktig at luftfartøyet er rett utstyrt med instrument og nødvendig utstyr for den planlagde flyginga. 

Skjema

Viss du vil forlenge eller fornye retten, nyttar du dette skjemaet:
NF-1038 E Instrument Rating IR(A) Aeroplane