Hopp til innhold

Personvern

Personvernerklæringa handlar om korleis Luftfartstilsynet samlar inn og bruker informasjon om dei som vitjar nettstadene våre. I erklæringa gir vi deg generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar, og forklarer kva informasjon du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår.

Automatisk lagring av informasjon

På same måte som dei fleste andre nettstader, nyttar luftfartstilsynet.no informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren). Dette medfører ingen tryggleiksrisiko for deg, men du står fritt til å nekte eller trekkje tilbake samtykke til lagring av informasjonskapslar.

Nettanalyse

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som vitjar nettstaden. For å analysere informasjonen bruker vi Siteimprove, Google Analytics og Hotjar.

Desse verktøya bruker informasjonskapslar/cookies som registrerer IP-adressene til brukarane, for på den måten å skaffe informasjon om nettaktivitetane til den enkelte brukar. Desse verktøya kan samle inn mellom anna følgjande data:

  • Anonymisert IP-adresse
  • Skjermoppløysing
  • Einingskategori, operativsystem og nettlesar
  • Geografisk plassering (avgrensa til land)
  • Kva språk sida blir vist på
  • Bruk av datamus (rørsler, posisjon og klikk)
  • Tastetrykk
  • Dato og tidspunkt for besøk
  • Kva sider som blir vitja
  • Kva domene og URL brukaren kom frå

Statistikken kan gi oss svar på mellom anna kor mange som vitjar ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir nytta. Denne informasjonen blir brukt til å analysere kva brukaropplevingar vi kan gjere betre gjennom til dømes å løfte fram innhaldselement.

Ingen av informasjonskapslane gjer det mogleg for oss å knyte informasjon om bruk av nettstaden til deg som enkeltperson.

Informasjonen frå Google Analytics blir lagra hos serverane til Google i USA. Dei mottekne opplysningane er underlagde retningslinjene som Google har for personvern. Les om korleis SiteImprove behandlar data. Hotjar behandlar data i tråd med europeiske personvernlover. Du kan lese meir om personvernerklæringa deira her.

Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning, ettersom ho kan sporast tilbake til ei bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Luftfartstilsynet bruker ein sporingskode frå Google Analytics som anonymiserer IP-adressa før informasjonen blir lagra og behandla av Google. Den lagra IP-adressa vil dermed ikkje kunne nyttast til å identifisere den enkelte brukar.

E-post, skjema og deltaking

Når du nyttar skjemaa våre, sender e-post eller deltek i nettmøte, får vi personopplysningar som namn, e-postadresse, adresse osv. Vi vil behandle personopplysningane i tråd med gjeldande personvernlov.

Personopplysingar og sensitiv informasjon skal ikkje sendast med e-post til Luftfartstilsynet. Vi oppmodar om at dette blir sendt med post i lukka konvolutt eller i kryptert e-post.

Formålet med å samle inn og lagre personopplysningane vi ber om i dei ulike skjemaa, er å skjøtte aktuelle styresmaktoppgåver. Det spesifikke formålet går fram av det aktuelle skjemaet.

Behandlingsgrunnlaget vil vere utøving av styresmakt og gå fram av skjemaet. Du har rett til å be om innsyn og å få korrigert opplysningar som er feil, men du kan ikkje krevje sletting av data så lenge desse er nødvendige for formålet. Du kan heller ikkje krevje avgrensa behandling.

Opplysningane blir lagra så lenge som nødvendig for formålet. Dersom du meiner at opplysningane blir behandla i strid med reglane, kan du klage til Datatilsynet.

Alle elektroniske førespurnader høyrer normalt sett inn under arkivlova med forskrifter, og vil bli omfatta av innsynsretten etter offentlegheitslova. Dette inneber at e-postar, skjema og deltaking i nettmøte og bloggar vil kunne gjerast tilgjengeleg for alle som ber det.

Behandlingsansvarleg og kontaktinfo

Luftfartstilsynet er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar frå nettsidene til Luftfartstilsynet. Personvernombodet Stine Bottenvann kan kontaktast på personvernombud@caa.no.

 

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø