Saksbehandling

Her finn du informasjon om saksbehandling og korleis du kan klage dersom du er usamd i eit vedtak.

Saksbehandlingstid ved søknader

Saksbehandlingstida blir rekna frå det tidspunktet vi får ein komplett søknad med dokumentasjon og fram til du har fått ei avgjerd. For at saksbehandlingstida skal bli kortast mogleg, må du sørgje for at søknaden er fylt ut rett og at all nødvendig dokumentasjon er lagt ved. Dersom det blir funne manglar ved søknaden, får du beskjed om dette snarast. Ved store manglar returnerer vi heile søknaden til deg.

Søknadene blir i prinsippet behandla i den rekkjefølgja vi får dei.

Klager på avgjerder

Dersom du er usamd i eit vedtak, kan du klage. Brevet med vedtaket inneheld meir informasjon om korleis du går fram. Klaga må vere skriftleg og sendast innan tre veker etter at du har fått melding om vedtaket. Luftfartstilsynet kan i enkelte tilfelle hjelpe med å utarbeide ei skriftleg klage.

Vi kan oppheve eller endre vedtaket dersom vi finn at klaga er rettkomen. Du vil då få melding om dette. Viss vi opprettheld det opphavlege vedtaket, blir klaga send vidare til den aktuelle klageinstansen. For vedtak som Luftfartstilsynet fattar, vil dette vanlegvis vere Samferdselsdepartementet. Klagaren skal få beskjed innan éin månad frå klaga er motteken, om korleis Luftfartstilsynet stiller seg i klagesaka. Sjå under for meir informasjon om korleis du klager på eit vedtak.

Unntak er medisinske saker og tinglysingssaker, der klageorganet er høvesvis Helseklage og Justisdepartementet.

Med visse unntak har du rett til å sjå alle dokument i saka. Unntaka følgjer av forvaltingslova.

 

 

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø