Tryggleikssystem og bevis
Bevis blir nytta som løyve for utøvarar som driv med luftsportaktivitetar. Desse rettane blir gitte av organisasjonar som Luftfartstilsynet har godkjent.
Tryggleikssystem for luftsport
Eit «tryggleikssystem» skal innehalde ei fullstendig beskriving av alle relevante delar av organiseringa og den aktuelle aktiviteten. På denne måten vil Luftfartstilsynet kunne drive eit aktivt systemtilsyn for å sjå til at tryggleikssystemet innfrir krava for sikker og samfunnsnyttig luftfart. Eit tryggleikssystem skal vere basert på ein internasjonal standard for styringssystem.
Parallelt med at Luftfartstilsynet fører tilsyn med tryggleikssystema må organisasjonane sjølve sørgje for dagleg oppfølging og internrevisjon for å sjå til at tryggleikssystemet blir følgt. Dette vil også gjere det enklare for Luftfartstilsynet å utøve «risikobasert tilsyn» ved å leggje større vekt på å fange opp uheldige trendar knytt til desse aktivitetane, heller enn å vere detaljorientert på ei lang rekkje område med lågare risiko.
Krav om «sikker og samfunnstenleg luftfart»
Luftfartstilsynet skal mellom anna sjå til at all luftfart i Noreg skjer i sikre og samfunnstenlege rammer. Dette går fram gjennom til dømes tildelingsbrevet frå Samferdselsdepartementet. Luftfartstilsynet har vedteke at kravet om «sikker og samfunnstenleg luftfart» skal vere ein del av formålsføresegnene for forskriftene, sjå § 1 i forskriftene. Omgrepet «sikker og samfunnstenleg luftfart» vil vere styrande for praktiseringa av desse forskriftene, og må sjåast som ein juridisk standard som vil vere gjenstand for løpande utvikling gjennom praktiseringa av forskriftene.
Krav om tryggleikssystem
«Tryggleikssystem» er definert som eit samla og heilskapleg system for dei ulike luftsportaktivitetane. Systemet skal vere grunnlaget for utøvinga av dei ulike aktivitetane, og all aktivitet skal skje i samsvar med dette. Innhaldet i og krava til tryggleikssystem vil variere både mellom og innanfor dei enkelte luftsportaktivitetane.
Omfanget av eit tryggleikssystem skal vere tilpassa omfanget av dei planlagde aktivitetane til den enkelte organisasjon. Ein organisasjon med få og enkle aktivitetar kan med andre ord klare seg med eit mindre omfattande tryggleikssystem enn éin som har fleire eller meir kompliserte aktivitetar.
Dersom omfanget av aktiviteten i organisasjonen blir endra, vil operasjonane ikkje lenger skje i samsvar med tryggleikssystemet. Ei endring vil difor medføre krav om ny godkjenning.
Administrative forhold
Luftfartstilsynet godkjenner tryggleikssystem basert på innsend søknad. Denne søknaden skal innehalde det komplette tryggleikssystemet for den aktuelle aktiviteten. Ein må rekne med at denne typen godkjenningar i framtida vil bli belasta med eit årsgebyr. Per i dag blir saksbehandlinga belasta med gebyr etter rekning.
Saksbehandlinga vil bestå av dokumentgransking kombinert med fysisk tilgangskontroll og intervju. Normal saksbehandlingstid er rundt tre månader per tryggleikssystem. Dette kan variere litt avhengig av kor stort og omfattande systemet er.
For godkjenning vil me krevja gebyr etter rekning. Dette betyr at me tek betalt per time me behandlar søknaden. Det er derfor viktig at søknaden er så standardisert som mogleg. Det betyr raskare og billigare saksbehandling.
Godkjende tryggleikssystem
I dag finst det godkjende tryggleikssystem for flyging med sport og mikrofly, hangglider, speedglider, paraglider, fallskjermhopping, statsluftfart for ideelle organisasjonar.
Bevis
Utøvarar som er tilknytte godkjende tryggleikssystem, har høve til å få bevis for aktiviteten som er omfatta av tryggleikssystemet. Beviset blir utferda i tråd med prosedyrane i systemet.
Det er viktig å merke seg at desse bevisa er nasjonale, og at dei i utgangspunktet ikkje gjeld i utlandet. Du må difor kontakte styresmaktene i landet der du ønskjer å nytte beviset.