Hopp til innhold

Rettleiar for PBN flyging med privatfly

Ytings- og satelittbasert navigasjonar har dramatisk endra navigasjon i luftfarten dei siste åra. Konseptet opnar for nye moglegheiter for både inn-, utflyging og underveisnavigasjon. Her finn du ein nettbasert rettleiar om ytingsbasert navigasjon (performance based navigation). Dokumentet er utarbeidd av CAA UK, men Luftfartstilsynet har tilpassa det for norske forhold.

Innfasing av konseptet ytingsbasert navigasjon

Vi har laga eit vegkart og plan for innfasing av ytingsbasert navigasjon i Noreg. Denne byggjer på ein internasjonal plan utarbeidde av ICAO.
Du kan lesa meir om planen her. 

Instrumentrett må utvidast

Dersom du flyg IFR må du frå og med 25. august 2020 ha utvida instrumentretten din til også å omfatta ytingsbasert navigasjon. Dette tillegget kallast PBN-privilegie.
Les meir om dette i AIC N 12/18.

Ofte stilte spørsmål

EASA har publisert ei oversikt på ofte stilte spørsmål om PBN.
Du kan lesa meir her

Tilbakemelding

Har du innspel eller kommentarar til PBN-guiden. Send oss gjerne ein e-post til postmottak@caa.no. Merk emne; allmennflyging PBN