Hopp til innhold

Spleiseflyging

Innføringa av europeiske, operative driftsforskrifter (EASA OPS) fører til ein del forenklingar og inneheld ei tydelegare beskriving av skilnaden mellom kommersiell flyging og privatflyging.

Kommersiell flyging er i utgangspunktet definert som operasjonar som blir utførte mot betaling for passasjerfrakt eller arbeidsoppdrag (spesialiserte operasjonar), men spleiseflyging og introduksjonsflyging er tillate innanfor ein avgrensa ramme.

Tryggleik

Spleiseflyging er privatflyging. Dette betyr at det er lågare krav til tryggleik samanlikna med kommersielle flygingar. Dette må alle passasjerar kjenna til.

Passasjer i småfly eller helikopter

Trykk her for lesa meir kva det inneber å vera passasjer med privatfly.

Spleiseflyging

Ordninga gjeld for privatpersonar som ønskjer å dele kostnader og utgifter i samband med privatflyging. Det er lov å dele direkte kostnader for flygingar som blir utførte med inntil seks personar. Det er ikkje sett noko øvre eller nedre grense for kor mykje den enkelte skal betale, men den som flyg, må også dekkje ein del av kostnadene. Det er høve til å nytte nettbaserte løysingar for å reklamere for eller tilby denne typen flyging saman.

Med direkte kostnader meiner ein utgifter som oppstår direkte i samband med ei flyging, til dømes drivstoff, lufthamnavgifter og leige av luftfartøyet. Dersom du flyg med passasjer frå ein stad til ein annan, kan du ikkje dele på utgiftene for tilbaketuren viss denne går utan passasjer. Det skal ikkje vere element av økonomisk overskot. 

Viss luftfartøyet er eigd av eit sameige eller ein klubb, vil timeprisen for leige av luftfartøyet vere definert av Luftfartstilsynet som direkte utgift.

Årlege kostnader omfattar utgifter knytte til det å eige luftfartøyet, halde det ved like og operere det over ein tidsperiode på eitt år. Det er ingen element av økonomisk overskot. Årlege kostnader kan ikkje delast med passasjerane.

I rettleiinga vår finn du meir informasjon om skilnaden mellom privatflyging og kommersiell flyging. 

Annonsering av spleiseflyging

Vi anbefaler at alle som annonserer eller promoterer flyging der ein ønskjer å dele kostnader med passasjerar, formidlar på ein tydeleg måte at flyginga blir gjennomført som allmennflyging/privatflyging og ikkje som kommersiell flyging. Det er viktig å gjere det klart for passasjerane at flygaren når som helst, og på kort varsel, kan kansellere flyginga.

Reglene for spleiseflyging har blitt følgde opp med ein avtale mellom det europeiske flytryggleiksbyrået (EASA) og ulike nettsideleverandørar som tilbyr formidling av kontakt mellom flygarar og publikum. Avtalen inneheld ulike enkle tryggleikskrav som skal bidra til å redusere risikoen under slike operasjonar. Sjølv om avtalen berre er inngått mellom EASA og nettsideleverandørane, er det ingenting i vegen for at til dømes flyklubbar kan bruke krava for å sjå til at deira eigne operasjonar går trygt føre seg.

Nettsideleverandørar kan sikkerheitsavtale

Nettsideleverandørar som ønskjer å formidle kontakt mellom flygarar og publikum, kan også formelt signere avtalen med EASA. Avtalen og det tilhøyrande tillegget er publiserte på nettsidene til EASA. Luftfartstilsynet anbefaler alle som ønskjer å annonsere og dele kostnader i samband med privatflyging, å følgje avtalen og tryggleikskrava for formidling av kontakt mellom flygarar og publikum.

Avtalen har følgjande artiklar:

Artikkel 1
Informer passasjerane om skilnaden i tryggleiksnivå mellom allmennflyging med småfly samanlikna med kommersielle operasjonar.

Artikkel 2
Jobb aktivt for å fremje ei tryggleiksorientert gjennomføring av flyginga. Både for dei som flyg, og for dei som er passasjerar.

Artikkel 3
Sørg for at flygande personell har og nytta sjekklister, rettleiingar og opplæringsmateriale for god tryggleikspraksis.

Artikkel 4
Sørg for at passasjerane har rett og forståeleg informasjon både om luftfartøyet og om erfaringsnivået og kvalifikasjonane til flygaren.

Artikkel 5
Sørg for at eit nettbasert forum er tilgjengeleg for deling av god tryggleikspraksis i miljøet.

Artikkel 6
Samle informasjon om flyging, luftfartøy og flygarar under prinsippet om deling av kostnader, slik at dette kan delast med EASA og Luftfartstilsynet.

Artikkel 7
Delta i årlege møte med EASA og/eller Luftfartstilsynet for å evaluere effekten av denne avtalen.

Artikkel 8
Innfør og ta i bruk krava som er beskrivne i tillegget til denne avtalen.

Artikkel 9
Publiser denne avtalen på nettsida som blir nytta.

Du finn her ei norsk omsetjing av EASA-vedlegget til artiklane

Regelverksreferansar