Hopp til innhold

Tildeling av registreringsbokstavar

Før eit luftfartøy kan registrerast i Norges luftfartøyregister (NLR), må det få tildelt registreringsbokstavar. Registreringsbokstavar blir tildelte av NLR etter førespurnad.

Alle luftfartøy som er registrerte i Norges luftfartøyregister, har prefikset LN-. Dette viser at fartøyet er av norsk nasjonalitet. Etter prefikset følgjer eit suffiks på tre bokstavar. Den første bokstaven i suffikset markerer i enkelte tilfelle luftfartøykategori. Desse kategoriane er:

  • LN-C__: Ballongar
  • LN-G__: Seglfly
  • LN-O__: Helikopter
  • LN-Y__: Mikrofly. Register over mikrofly blir ført av Norges Luftsportforbund (NLF)

For motordrivne luftfartøy kan ein velje mellom dei resterande bokstavkombinasjonane.

Bokstavane Æ, Ø og Å kan ikkje brukast som registreringsbokstavar. På grunn av likskapen med radiokallesignal kan heller ikkje følgjande kombinasjonar nyttast: LN-SOS, LN-PAN og LN-XXX.

Utanom dei nemnde restriksjonane kan eigar velje bokstavkombinasjon blant registreringsmerka som er ledige.

Ønskje om reservasjon av registreringsmerke sendast på e-post til nlr@caa.no med følgjande opplysningar:

  • Namnet på personen som skal registrerast som eigar
  • Fartøytype og serienummer
  • Eventuelt tidlegare registreringsmerke i utanlandsk register

 

Kontakt Norges luftfartøyregister (NLR)

  • Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø