Hopp til innhold

Kva vert nytt for dronepilotar i 2024?

Nytt for dronepilotar 2024 EASA

Sidan 1. januar 2021 har vi hatt dei same reglane for droneflyging i Noreg, Sveits, Island og EU. Dette har opna for å kunne flyge drone med same sertifikat i fleire land.

Når vi nå går i 2024 må du vere merksam på enkelte reglar som vert endra. Overgangsperioden i open kategori for dronar som ikkje er C-merket tar nemleg slutt, og det vert krav til fjernidentifikasjon for enkelte dronar.

Kva skjer?

Etter EU-regelverket vi har innført som norsk rett, vert det krav stilt til at dronar har ei C-merking for å kunne flyge dei i open kategori, underkategori A1 og A2. Problemet var at når dette regelverket vart innført fanst det ingen C-merka dronar å få kjøpt. Takka vere overgangsperioden var det likevel tillat å fly dronar utan merking. Det er denne perioden som no tar slutt.

Halde fram med å fly utan C-merking i open kategori

Sjølv om overgangsperioden tar slutt, er det framleis mogleg å fly dronar utan C-merking. Tabellen under vise ei oversikt:

Drone utan C-merking Fremem til 31. desember 2023 Frå 1. januar 2024
Under 250 gram Underkategori A1 Underkategori A1
250 – 500 gram Underkategori A1 Underkategori A3
500 gram – 2 kilo Underkategori A2 Underkategori A3
2 – 25 kilo Underkategori A3 Underkategori A3

Fly dronar med C-merking i open kategori

Med C-merking vert det tydelegare kva underkategori du kan fly i:

C-merking Underkategori Sertifikat
C0 A1 A1-A3 vert anbefalt
C1 A1 A1-A3
C2 A2 eller A3 A2
C3 A3 A1-A3
C4 A3 A1-A3
C5 Spesifikk kategori STS
C6 Spesifikk kategori STS

Ei oversikt over dronar som kan få C-merking finn du på sida til det europeiske flytryggingsbyrået (EASA).

Krav til fjernidentifikasjon (Remote ID)

Frå 1. januar 2024 vert det krav til fjernidentifikasjon for fleire, men ikkje alle. Det er dei som flyr i spesifikk kategori, som må ha dette på dronen. Det vert ikkje eit krav i open kategori, med mindre du flyr ein drone som er merkt C1, C2 eller C3, som skal ha dette innebygt frå fabrikken.

Flyr du ein eldre drone i A3, er det ikkje krav til fjernidentifikasjon og du treng ikkje kjøpe ekstra sender og sette på dronen. 

Viss dronen din har fjernidentifikasjon, er du pålagt å legge operatørnummeret ditt frå flydrone.no inn i systemet. Operatørnummeret og posisjonen til dronen vil kringkastast over WiFi eller Bluetooth når du flyr. 

Dei tre siste siffera i operatørnummeret ditt (dei tre etter bindestreket) er hemmelege. Desse fungerer som eit passord du bruker for å leggje operatørnummeret ditt inn i fjernidentifikasjonssystemet. Dimed kan ikkje nokre andre gi seg ut for å vere deg ved å urettmessig leggje det inn i sin eigen fjernidentifikasjon.

For å oppdage dronar i nærleiken med fjernidentifikasjon, må du bruke ein app på mobiltelefonen. Søk etter «remote id drone» i appbutikken.

Viss du skal flyge i spesifikk kategori og ikkje har fjernidentifikasjon på dronen, må du feste på ein ekstern modul med dette. Pass på at modulen ikkje blokkerer antenner til GPS eller styring, og at han sit godt på. Du finn ei oversikt over tilgjengelege modular på EASA sine sider.

Publisert: 22.12.2023