Oppvisingsløyve

Foto: Harald Hagen

Du må ha oppvisingsløyve frå Luftfartstilsynet for å kunne flyge under flygeoppvisingar. Dette kan du få ved å gjennomføre kurs i flygeoppvising. I tillegg må du vise at du har kunnskapane og ferdigheitene som krevst for å få løyvet.

Med oppvisingsløyve kan du flyge ned til personlege minstehøgder i samband med trening til oppvising og under oppvisingar for publikum.

Vi har følgjande typar øvingar:

  1. Demonstrasjon av forbiflyging og normal manøvrering
  2. Akroflyging
  3. Formasjonsflyging
  4. Akroformasjon
  5. Hover-øvingar (helikopter)

Eit oppvisingsløyve vil vere gyldig i 24 månader frå det blir utferda. 

Oppvising i andre land
Oppvisingsløyvet er i utgangspunktet berre gyldig i Noreg, med mindre styresmaktene i landet du vitjar, aksepterer at det blir brukt eit norsk oppvisingsløyve. Norsk oppvisingsløyve kan nyttast i UK. Viss du skal flyge med eit norsk oppvisingsløyve i UK, må dette løyvet ha blitt skrive ut eller fornya for maksimalt 13 månader sidan.  

Det er særs viktig at oppvisingspilotar utøver retten på ein sikker og publikumsvennleg måte. Som oppvisingspilot er du ein særs synleg ambassadør for allmennflymiljøet både her heime og under flyging i utlandet.

Slik får du oppvisingsløyve

Opplæring

Enkelte flyklubbar tilbyr opplæring i flygeoppvising. Kurset er godkjent av Luftfartstilsynet og består av ein teoretisk og ein praktisk del.

Dei som tilbyr kurs i flygeoppvising, er:
1. Sola flystasjon flyklubb
2. Nedre Romerike flyklubb
3. Norges Luftsportforbund (motor og seglfly)

Det er viktig at alle som skal flyge under ei oppvising, har kunnskapane og ferdigheitene som krevst for at flygeoppvisinga skal bli trygg og publikumsvennleg. Flyging under oppvising og med publikum kan vere krevjande. Det er difor viktig å trene tilstrekkeleg og så mykje som nødvendig for å flyge gode oppvisingar.

Evaluering

For å få oppvisingsløyve må du gjennomføre ei evaluering med ein erfaren oppvisingsevaluator som er utnemnd av Luftfartstilsynet. Evaluatoren vil kontrollere at du har kunnskapane og ferdigheitene som skal til for å flyge oppvising. Du må framføre eit oppvisingsprogram du har planlagt og trent på. Evaluatoren kan anbefale eller rå frå at det blir utferda oppvisingsløyve.

Du finn her ei oversikt over oppvisingsevaluatorar.

Søkje om løyve

Evaluator fyller ut eit søknadsskjema. Send gjerne søknaden som e-postvedlegg. Bruk postmottak@caa.no.

Søknadsskjema er tilgjengeleg her.

Behandling og svar på søknad

Vi svarer på søknadene etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss så snart som mogleg. Dersom vi har spørsmål til søknaden, tek vi kontakt på e-post eller telefon. Vi utferdar eit løyve som du må ta med i originalversjon. Du får svar per brev.

Forlenging og fornying

Forlegning inneber at evaluator gir deg påteikning i løyvet før det går ut. Hugs å sende oss ein kopi av oppvisingsløyvet som viser at forlenging er gjennomført.

Fornying inneber at løyvet har gått ut og at Luftfartstilsynet må utferde eit nytt.

Gebyr

Luftfartstilsynet krev gebyr for førstegangsutferding og fornying av utgått løyve. Du finn satsane for dette i BSL A 1-2 Gebyrforskrifta.