Oversikt over oppvisingsevaluatorar

Krava for å få utferda oppvisingsløyve er gjennomført opplæringsprogram og anbefaling frå evaluator. Her finn du ei oversikt over utnemnde oppvisingsevaluatorar.

Forskrift om flygeoppvising (BSL D 4-3) regulerer gjennomføring av flygeoppvising i Noreg. Forskrifta blei sist revidert 1. mai 2015, og krava til utøvar og evaluator er no formaliserte.

Evaluator skal ha lang, relevant erfaring og ha høgt kunnskapsnivå innanfor akroflyging og oppvisningsflyging. Vedkomande skal sjølv ha eller ha hatt gyldig dispensasjon frå krav om minstehøgder eller oppvisingsløyve med rett til å utføre aktuell flyging ned til lågaste minstehøgde. Det vil seie minst 200 fot for akro-, demonstrasjons- og formasjonsflyging og 50 fot ved rettlinja forbiflyging.

Evaluator kan anbefale kandidatar som skal få utferda oppvisingsløyve. Ved ei slik anbefaling må evaluatoren forsikre seg om at kandidaten har ferdigheitene, haldningane, kunnskapen og dei gyldig rettane som krevst for å utføre det aktuelle flygeprogrammet.

Utnemnde oppvisingsevalutorar i Noreg:

Navn Kategori Rettighet*
 Rolf Meum Motorfly

JET, akro, formasjon og akroformasjon 

 Knut Lande

Motorfly
Helikopter

JET, akro, formasjon og akroformasjon
Ivar Dyrdal

Motorfly

Akro og formasjon
Thore Thoresen

Motorfly

Akro og formasjon
Lars Næss

Motorfly

Akro og formasjon
Per G. Strømmen

Motorfly

JET, akro, formasjon og akroformasjon
Håvard Nærø Iversen

Motorfly

Akro
Thijs Kroondijk

Helikopter

 
Kåre Jan Johansen

Helikopter

 
Steinar Øksenholt

Seilfly

Akro

* Alle evaluatorar kan evaluere demonstrasjon av eigenskapane til luftfartøyet og rettlinja forbiflyging innanfor tildelt kategori.