Oversikt over utnemnde oppvisingsevaluatorar
Krava for å få utferda oppvisingsløyve er gjennomført opplæringsprogram og anbefaling frå evaluator. Her finn du ei oversikt over utnemnde oppvisingsevaluatorar.
Forskrift om flygeoppvising (BSL D 4-3) regulerer gjennomføring av flygeoppvising i Noreg. Forskrifta blei sist revidert 1. mai 2015, og krava til utøvar og evaluator er no formaliserte.
Evaluator skal ha lang, relevant erfaring og ha høgt kunnskapsnivå innanfor akroflyging og oppvisningsflyging. Vedkomande skal sjølv ha eller ha hatt gyldig dispensasjon frå krav om minstehøgder eller oppvisingsløyve med rett til å utføre aktuell flyging ned til lågaste minstehøgde. Det vil seie minst 200 fot for akro-, demonstrasjons- og formasjonsflyging og 50 fot ved rettlinja forbiflyging.
Evaluator kan anbefale kandidatar som skal få utferda oppvisingsløyve. Ved ei slik anbefaling må evaluatoren forsikre seg om at kandidaten har ferdigheitene, haldningane, kunnskapen og dei gyldig rettane som krevst for å utføre det aktuelle flygeprogrammet.
Utnemnde oppvisingsevalutorar i Noreg:
Navn | Kategori | Rettighet* |
Rolf Meum | Motorfly |
JET, akro, formasjon og akroformasjon |
Knut Lande |
Motorfly |
JET, akro, formasjon og akroformasjon |
Ivar Dyrdal |
Motorfly |
Akro og formasjon |
Thore Thoresen |
Motorfly |
Akro og formasjon |
Lars Næss |
Motorfly |
Akro og formasjon |
Per G. Strømmen |
Motorfly |
JET, akro, formasjon og akroformasjon |
Håvard Nærø Iversen |
Motorfly |
Akro |
Håvard Dale |
Motorfly |
Akro |
Thijs Kroondijk |
Helikopter |
|
Steinar Øksenholt |
Seilfly |
Akro |
* Alle evaluatorar kan evaluere demonstrasjon av eigenskapane til luftfartøyet og rettlinja forbiflyging innanfor tildelt kategori.