Hopp til innhold

Pensum og læremateriell for PPL

Oversikt over pensum, læremateriell og praktisk info for deg som skal ta PPL-eksamen. PPL står for Private Pilot Licence.

Pensum

Pensum til PPL-eksamen finnest i AMC1 FCL.210; FCL.215. Du finner ei lenke til dette dokumentet over. Dette er pensumlistene som oppgåvene er laga etter. Det er derfor viktig at studentane er klar over at det er dette som er krava til teorieksamen, ikkje ei eller anna bok. Boka er ein reiskap du bruker for å lære deg teoripensumet. Det er også viktig at du som student er klar over kva som krevst til eksamen slik at du kan sjå at du får relevant undervisning.

Luftfartstilsynet bruker pensumlistene slik dei er publisert av EASA. Det er ikkje aktuelt for oss å lage meir detaljerte pensumlistar.

Pensum i meteorologifaget manglar ein del sider. Dette falt ut då AMC-materialet først blei publisert, men skal bli tatt inn igjen i samband med FCL.002, som er ei revidering av part-FCL. Vi har derfor lagt ut eit eige dokument med meteorologipensum.

Bøker, litteratur og læremateriell

Flyskolane som tilbyr PPL-utdanning brukar ulike bøker og læremateriell. Den litteraturen dei brukar er eit middel for å tileigne seg kunnskap, det er ikkje bøkene i seg sjølve som er pensum. Sagt på ei anna måte kan du lese omtrent kva du vil så lenge du får kunnskap om det du treng og oppfyller krava i pensum. Flyskolane vil derfor kunne tilby ulike opplegg med ulikt læremateriell, men der målet til slutt er same eksamen.

Luftfartstilsynet lagar ikkje lærebøker til PPL. Vi godkjenner heller ikkje læremateriellet flyskolane bruker, men vi godkjenner kurset som flyskolen tilbyr. Vi ser derfor etter om kurset reflekterer dei krava som blir stilt mellom anna i pensum til eksamen. Kva slags læremateriell ein flyskole vel å bruke, er opp til dei.

Oppbygging av oppgåvene

PPL-eksamen består av fleirvalsoppgåver. Du får eitt spørsmål og fire svaralternativ. Det er bare eitt alternativ som er riktig, dei andre er feil. Oppgåvene er laga på ein måte som gjør at alle alternativ er plausible svar, men det er bare eitt som er rett. Ein kandidat som har kunnskap i faget vil kunne skilje ut det riktige alternativet. Alternativa skal ikkje overlappe kvarandre slik at det er uklart kva for eit alternativ som er riktig.

Eksamen består av ni fag. Det er 20 spørsmål per fag, totalt 180 spørsmål.

Språk

Teorieksamen til PPL er på engelsk. Det er ikkje planar om å tilby PPL-eksamen på norsk.

Tilbakemeldingar frå kandidatane

Vi er svært interesserte i konstruktive tilbakemeldingar frå PPL-studentar. Kommentarar, tilbakemeldingar, ris og ros om teorieksamen kan sendast til postmottak@caa.no.