Hopp til innhold

Korleis blir LAPL-privilegium haldne gyldige?

For å halda LAPL (A)-privilegiet gyldig må ein  dei siste 24 månadene ha floge minimum 12 timar som fartøysjef, med instruktør eller soloflyging under rettleiing av instruktør. Dette må inkludera 12 avgangar og landingar, og éin time med instruktør. Flygetida skal reknast frå dato til dato, løpande, gjennom 24 månader. 

For LAPL (H) er tilsvarande timekrav seks timar som fartøysjef, med instruktør eller soloflyging under rettleiing av instruktør. Dette må inkludera seks avgangar og landingar, og éin time med instruktør, i løpet av siste 12 månader. Referanse til regelverket er FCL.140.A og FCL.140.H.

Sist oppdatert: 17.10.2023