Hopp til innhold

Registrering av luftfartøy

Dersom fartøyet har vore førebels registrert i utlandet, må det gjennomførast ordinær registrering slik at varig nasjonalitets- og registreringsbevis kan utferdast. I dei fleste tilfelle har ikkje luftfartøyet vore førebels registrert, og blir registrert direkte etter desse reglane i Norges luftfartøyregister (NLR).

Luftfartslova § 3-2, § 3-3 og § 3-4 og forskrift om registrering av luftfartøy stiller vilkår som må vere oppfylte for at eit fartøy skal kunne registrerast i NLR.

Krav til fartøyet

  • Fartøyet må vere tildelt registreringsbokstavar

 

Krav til eigar

  • Norsk statsborgar
  • EØS-borgar – Statsborgar i eit EU/EØS-land
  • Ikkje EØS-borgar – Ein privatperson som er statsborgar i eit land utanfor EU-/EØS-området, kan søkje om dispensasjon frå nasjonalitetskravet i luftfartslova § 3-2. Dispensasjon vil til dømes bli gitt viss eigar er busett i Noreg.
  • Norsk selskap, føretak eller samskipnad – NLR innhentar opplysningar direkte frå Brønnøysundregistra. Eit tingsrettsleg sameige blir berre akseptert som eigar dersom det er registrert i Brønnøysundregistra. Dersom sameiget ikkje er registrert, må kvar enkelt sameigar stå som eigar i luftfartøyregisteret.  
  • EØS-selskap, -føretak eller -samskipnad – Føretaket må vere effektivt kontrollert av EU/EØS-borgarar, til dømes ved at meir enn 50 % av aksjane med røysterett er eigde av EU/EØS-borgarar.
  • Ikkje EØS-selskap, -føretak eller -samskipnad – Dersom eigar er heimehøyrande utanfor EØS-området, kan vedkomande søkje om dispensasjon frå nasjonalitetskravet i luftfartslova § 3-2. Det blir gitt dispensasjon dersom innleigeavtale til fordel for ein norsk operatør ligg føre.

 

Krav til dokumentasjon

  • Skøyte eller anna heimelsdokument i originalversjon som viser at eigaren har tilkome til fartøyet. Dokumentet må innehalde all nødvendig informasjon. NLR har utarbeidd eit skøyte som kan nyttast. Underskrifta til seljaren på skøytet må stadfestast. I tilfelle der seljar er norsk privatperson eller selskap, kan rett underskrift stadfestast av to personar over 18 år som er busette i Noreg. Dersom eigar allereie er registrert som eigar av fartøyet, og fartøyet skal overførast frå utanlandsk til norsk register skal «Eigenerklæring som eigar av luftfartøy» benyttast.
  • Dokumentasjon for fødselsnummer (11 siffer) når kjøpar eller seljar er ein privatperson busett i Noreg. Kopi av pass, førarkort eller bankkort er gyldig dokumentasjon. Viss det er snakk om fleire seljarar eller kjøparar, må alle desse dokumentere fødselsnummer.
    Dersom seljar er ein klubb som ikkje er registrert i Brønnøysundregistra, må det leggjast fram kopi av klubblover og protokoll frå siste ordinære generalforsamling. Viss klubben er seljar av fartøyet, må også ein kopi av protokoll frå tidlegare generalforsamlingar leggjast fram viss dette er nødvendig for å vurdere kven som har signatur for klubben.
    Viss eigar er eit EØS-selskap, eit EØS-føretak eller ein EØS-samskipnad, må det leggjast fram ei eigenerklæring som stadfestar dette (sjå skjema "Ownership of company"). Erklæringa må stadfestast av Notarius Publicus. Utanfor Norden må underskrifta til Notarius stadfestast med ein apostille eller ei legalisering.
  • Viss fartøyet skal registrerast for første gong og er eit amatørbygd luftfartøy, må byggjar i staden for skøyte leggje fram Søknad om registrering av amatørbygd luftfartøy. Originale kvitteringar for innkjøp av teikningar og/eller byggjesett må leggjast ved søknaden. Desse vil bli sende i retur etter registreringa.

 

Viktig ved import av luftfartøy

  • Dersom kjøparen er ein privatperson som ikkje er norsk statsborgar, må Notarius Publicus stadfeste identiteten til vedkomande. I praksis skjer dette ved at det blir lagt fram ein kopi av passet til kjøparen, og at Notarius stadfestar på kopien at passet er ekte. Utanfor Norden må underskrifta til Notarius stadfestast med ein apostille eller ei legalisering.
  • Dersom seljaren er ein privatperson, må Notarius Publicus stadfeste identiteten og underskrifta til vedkomande på skøytet. Utanfor Norden må underskrifta til Notarius stadfestast med ein apostille eller ei legalisering.
  • Viss seljaren er eit føretak heimehøyrande i eit anna land enn Noreg, må Notarius Publicus stadfeste identiteten og signaturen til vedkomande. Notarius Publicus må også stadfeste at personen som skriv under på vegner av seljar, har nødvendig fullmakt til dette. Utanfor Norden må underskrifta til Notarius stadfestast med ein apostille eller ei legalisering.
  • Når fartøyet blir overført frå eit utanlandsk register, må det leggjast fram ein sletteattest frå dette registeret. På sletteattesten må det vere opplyst om sist registrerte eigar og om fartøyet hadde hefte på tidspunktet for slettinga.
  • For fabrikknye luftfartøy må det leggjast fram ein attest frå luftfartøyregisteret i produksjonslandet på at fartøyet aldri har vore registrert.
  • I tilfelle der eit skøyte eller anna heimelsdokument blir underteikna ved fullmektig, skal fullmakta leggjast ved originalen. Fullmakta skal stadfestast og dokumenterast på same måte som eit skøyte.

 

Innsendar blir fakturert eit gebyr etter registrering.

Kontakt Norges luftfartøyregister (NLR)

  • Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø