Registrering av hefte

Luftfartslova § 3-22 slår fast reglar for registrering av hefte på luftfartøy som er registrerte i Norges luftfartøyregister (NLR). Dei vanlegaste hefta er pantedokument som sikrar pengekravet til kreditoren. Andre hefte som kan registrerast, er mellom anna leigeavtalar og urådigheitsklausular.

Kvifor registrere hefte i Norges luftfartøyregister?

Ved å registrere hefte i Norges luftfartøyregister får rettshavaren rettsvern for retten sin. Rettshavaren kan dermed vere trygg på at fartøyet ikkje blir disponert over i strid med interessene hans/hennar etter heftet. Samstundes vil rettshavaren i enkelte tilfelle vere sikra mot kreditorbeslag, då det registrerte heftet hans/hennar vil ha prioritet framfor seinare registrerte hefte.

For fartøy der det er mogleg å registrere internasjonale tryggleiksrettar i det internasjonale registeret (International Registry of Mobile Assets), må det alltid kontrollerast om slike internasjonale tryggleiksrettar ligg føre, då Noreg er tilslutta Cape Town-konvensjonen. Ein internasjonal tryggleiksrett vil ha forrang framfor ei registrering i Norges luftfartøyregister.

Du finn meir informasjon om International Registry of Mobile Assets her.

Korleis registrere hefte i Norges luftfartøyregister?

  1. Heftedokumentet må vere signert av vedkomande som har signaturrett på vegner av eigar (heimelshavar).
  2. Signaturen må dokumenterast. Dersom eigaren er ein privatperson som er busett i Noreg, må det leggjast ved ein kopi av godkjend legitimasjon som til dømes pass, førarkort eller bankkort. Føretak eller flyklubbar som er registrerte i Brønnøysundregistra, treng ikkje leggje ved dokumentasjon. Dersom eigar er eit selskap, eit føretak eller ein samskipnad i utlandet, må identiteten og signaturen stadfestast av Notarius Publicus. Notarius Publicus må også stadfeste at personen som skriv under på vegner av eigar, har nødvendig fullmakt til dette. Utanfor Norden må underskrifta til Notarius stadfestast med ein apostille eller ei legalisering.
  3. Heftedokumentet og eventuelt ein kopi av legitimasjon må sendast til Norges luftfartøyregister. Berre originale heftedokument kan registrerast.   
  4. Faktura for gebyr blir sendt etter at registreringa er gjennomført.

Dei vanlegaste hefta som kan registrerast i Norges luftfartøyregister er:

  • Pantedokument
  • Leigeavtalar
  • Urådigheitsklausular
  • Bruksrettar

Pantedokument

Eit pantedokument skal innehalde følgjande:

  • Identifikasjon av fartøyet (registreringsmerke og/eller type og serienummer)
  • Namn på pantsetjar, med fødselsnummer eller organisasjonsnummer. Dersom pantsetjar er eit selskap, eit føretak eller ein samskipnad i utlandet, må også adressa til vedkomande opplysast.
  • Namnet på og adressa til panthavar
  • Beløp og valuta
  • Eventuelle føresegner som regulerer sal og ytterlegare registrering av hefte på fartøyet
  • Underskrift frå registrert eigar/pantsetjar stadfesta i samsvar med registreringsforskrifta § 20

Pantedokument skal leverast inn i to eksemplar: éin original og éin tinglysingsgjenpart. Standarden «Pantobligasjon i luftfartøy», som blir nytta av bankane, oppfyller desse krava.

Leigeavtalar

Ein leigeavtale skal innehalde følgjande:

  • Identifikasjon av fartøyet (registreringsmerke og/eller type og serienummer)
  • Namn på leigetakar
  • Namn på utleigar
  • Leigeperiode, dersom ein ønskjer å registrere denne
  • Underskrift frå utleigar stadfesta i samsvar med registreringsforskrifta § 20
  • Leigeavtalar skal leverast inn i to eksemplar: éin original og éin tinglysingsgjenpart.

Luftfartslova § 3-22 slår fast reglar for registrering av hefte på luftfartøy som er registrerte i Norges luftfartøyregister (NLR).

Lov om luftfart (luftfartslova).

Norges luftfartøyregister (NLR)

  • Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø