Hopp til innhold

Registrering av eigarskifte

Når det skjer endringar i eigarforholdet for eit luftfartøy som er registrert i Norges luftfartøyregister (NLR), skal dette registrerast.

Korleis blir eigarskifte registrert?

Då registrering av rett eigar av eit fartøy har store implikasjonar, blir det stilt strenge krav til dokumentasjonen. Ved mangelfull dokumentasjon kan dokumenta bli returnerte utan dagbokføring og/eller registrering. Kva bør ein vere særleg merksam på?

Når seljar og kjøpar er norske:

  • Skøytet må vere fullstendig og korrekt utfylt.
  • Viss seljar er eit selskap eller ein samskipnad, må signaturen til vedkomande som skriv under, samsvare med det som er registrert i Brønnøysundregistra.
  • Det blir stilt krav om dokumentasjon for fødselsnummer (11 siffer) dersom kjøpar eller seljar er ein privatperson busett i Noreg. Kopi av pass, førarkort eller bankkort er gyldig dokumentasjon. Viss det er snakk om fleire seljarar eller kjøparar, må alle desse dokumentere fødselsnummer. Denne dokumentasjonen kan skannast og sendast på e-post.
  • Viss det er registrert hefte på fartøyet, skal heftet normalt sett slettast før eigarskiftet blir registrert. Viss ikkje må det leggjast fram samtykke til overdraging frå rettshavar (banken til seljar). 

Når partane er utanlandske:

  • Viss kjøpar eller seljar er føretak heimehøyrande i eit anna land enn Noreg, må identitet og signatur stadfestast av Notarius Publicus. Notarius Publicus må i tillegg stadfeste at vedkomande som skriv under, har nødvendig fullmakt til dette. Utanfor Norden må underskrifta til Notarius stadfestast med apostille eller legalisering.
  • Dersom kjøpar eller seljar er ein privatperson som ikkje er norsk statsborgar, må Notarius Publicus stadfeste identiteten til vedkomande. Utanfor Norden må underskrifta til Notarius stadfestast med apostille eller legalisering.

Dersom kjøparen er frå eit EØS-land, gjeld same framgangsmåte som ovanfor, men i tillegg kjem følgjande krav:

  • Det må leggjast fram dokumentasjon på tilhøyrsle i eit EØS-land (sjå skjema "Ownership of company"). Underskrifta på dokumentasjonen må stadfestast av Notarius Publicus. Dersom stadfesting ikkje kan leggjast fram, blir ikkje parten rekna som heimehøyrande i eit EØS-land.

Dersom kjøparen ikkje er frå eit EØS-land, gjeld same framgangsmåte som ovanfor, men i tillegg kjem følgjande krav:

  • Norges luftfartøyregister må ha gitt dispensasjon frå nasjonalitetskravet i luftfartslova § 3-2. Ein slik dispensasjon blir gitt under føresetnad av at ein innleigeavtale til fordel for ein norsk operatør ligg føre og er godkjend av Luftfartstilsynet.

Lov om luftfart (luftfartslova).

Kontakt Norges luftfartøyregister (NLR)

  • Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø