Gebyr for registrering i Norges luftfartøyregister

Registreringar i Norges luftfartøyregister (NLR) blir belasta med gebyr. Gebyra følgjer av forskrift om gebyr til Luftfartstilsynet.

Etter gjennomført registrering, blir det sendt ein faktura til vedkomande som bad om registreringa. Dersom fakturaen skal sendast til ein annan person enn innsendar, må dette opplysast om når dokumenta blir sende til luftfartøyregisteret. Dersom fakturaen ikkje blir betalt innan fristen, blir han vidaresend til innsendaren.

Du finn ei oversikt over gebyrsatsane i gebyrforskrifta. Sletting av hefte eller luftfartøy er ikkje belasta med gebyr.

Norges luftfartøyregister (NLR)

  • Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø