HMS-tilsyn for flygande personell i sivil luftfart

Luftfartstilsynet har ansvaret for å kontrollere at aktørane i bransjen driv eit godt og sikkert arbeidsmiljø etter arbeidsmiljølova. Tilsyn og rettleiing skjer på grunnlag av Arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter.

HMS-arbeidet til Luftfartstilsynet blir i hovudsak gjennomført gjennom arbeidsmiljøtilsyn og rettleiing i regelverk og ulike arbeidsmiljøfaktorar. Kvart år blir det gjennomført rundt 10–15 arbeidsmiljøtilsyn, og ved behov blir det utført tilsyn i samarbeid med Arbeidstilsynet. Gjennom tilsynsaktivitet over ein treårsperiode dekkjer ein fleirtalet av dei meir enn 5000 arbeidstakarane i drygt 30 verksemder som inngår i ansvarsområdet. Føresegnene om kviletid blir dekte gjennom flyoperative tilsyn.

Samla bilete av tryggleiksnivået

Ettersom det er Luftfartstilsynet sitt ansvar å sjå til at alle respekterer flytryggleiksreglane og arbeidsmiljølova, får ein eit samla bilete av tryggleiksnivået i eit flyselskap.

Luftfartstilsynet jobbar kontinuerleg med å kartleggje fysiske og psykososiale faktorar som påverkar mannskapet hos alle verksemder med base i Noreg. Dette blir gjort mellom anna ved å ha ei brei kontaktflate med bransjen. Direkte informasjon frå tilsette om bekymringsverdige arbeidsmiljøforhold og meldingar frå legar om eventuell sjukdom og skade blir også lagt til grunn i kartlegginga.

Arbeidsplasstilsyn

Hensikta med eit arbeidsmiljøtilsyn (HMS-tilsyn) er først og fremst å kartleggje om arbeidet i ei verksemd er systematisk og i samsvar med arbeidsmiljøforskriftene. Det vil seie at det er etablert ein verneorganisasjon, at ein har rutinar for varsling om og handtering av konfliktar, at det blir gjennomført kartleggingar av psykososialt og fysisk arbeidsmiljø og at medarbeidarar ikkje blir eksponerte for ugunstige miljøfaktorar utover akseptable normer.

Dersom det blir avdekt forhold som ikkje oppfyller dei lovpålagde minimumskrava av offentlegrettsleg karakter, vil det bli gitt pålegg om å rette opp i desse. Luftfartstilsynet kan påleggje sanksjonar dersom pålegg ikkje blir følgde opp.

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø