Hopp til innhold

Vil du søkje jobb i Luftfartstilsynet?

Vil du jobbe i ei verksemd som er i stadig utvikling, og der du får ta del i sterke, utviklande fagmiljø og jobbe med samfunnsrelevante oppgåver? Då er du velkomen til Luftfartstilsynet.

Du kan registrere CV, skrive søknad og leggje ved attestar og vitnemål i elektronisk form. Dette gjer du i den elektroniske jobbportalen vår.

Kven søkjer vi etter?

Hos oss jobbar det rundt 210 personar som alle har eit felles mål: Å bidra til auka tryggleik innanfor luftfart. Dette er menneske med ulik utdannings- og kompetansebakgrunn, og omfattar alt frå flygarar, flyteknikarar, legar og ingeniørar til juristar, økonomar, samfunnsvitarar, IKT-utdanna, politiutdanna og flygeleiarar.

Det vil variere ut frå stillinga kva eigenskapar og kvalifikasjonar som blir mest vektlagde, men generelt ser vi etter kandidatar som

  • identifiserer seg med kulturverdiane våre:       profesjonalitet, respekt, samarbeid og openheit
  • identifiserer seg med og let seg inspirere av leiarverdiane våre. I Luftfartstilsynet har vi leiarar som set tydelege mål, er handlekraftige og bruker open kommunikasjon for å skape tillit. Vi har leiarar som er føreseielege, samlande og i stand til å motivere medarbeidarane sine. Leiarar som viser omsorg for dei tilsette.

Dette tilbyr vi

I Luftfartstilsynet kan du sjå fram til ein utfordrande jobb med mange spennande oppgåver. Hos oss vil du få jobbe tverrfagleg saman med mange av dei fremste ekspertane vi har innanfor luftfart i Noreg. Vår viktigaste oppgåve er å bidra til auka flytryggleik, og dette krev at vi har høgt kvalifiserte og motiverte medarbeidarar på alle fagområde. Ein jobb hos oss inneber krevjande arbeidsoppgåver der ansvar og direkte påverknad er sentrale kjenneteikn i kvardagen. Vi samarbeider nært med andre faggrupper og har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

I tillegg tilbyr vi medarbeidargoder som til dømes fleksitid, tilskot til trening og tilgang til treningsrom, leige av kantine til private arrangement, bedriftsidrettslag, deltaking i turgrupper og andre sosiale arrangement.

Vi har tilgang til gode IKT-løysingar som mellom anna gir medarbeidarane høve til å jobbe på fjernaksess ved tenestereiser eller arbeid heimanfrå. Slik prøver vi også å leggje til rette for dei av medarbeidarane våre som pendlar.

Luftfartstilsynet er lokalisert på kaikanten i sentrum av Bodø. Vi har eigen parkeringsgarasje i kjellaren og ei lys og luftig kantine med utsikt over hamneområdet. Her serverer kokken utsøkte rettar til ein rimeleg penge.

Kurs og kompetanseutvikling

I Luftfartstilsynet legg vi til rette for kompetanseutvikling hos dei tilsette.

Rett kompetanse på rett stad er ein kritisk suksessfaktor for at vi skal nå måla vi har sett oss og oppfylle samfunnsansvaret vårt. For å dra nytte av den varierte kompetansen som medarbeidarane sit med, legg vi til rette for samarbeid på tvers av organisasjonen. Den nye organisasjonsmodellen vår er lagt opp med tanke på tverrfagleg samhandling.

Vi har som offentleg etat og luftfartsstyresmakt krav til kompetansestyring. Som kompetent styresmakt skal vi tilføre og styre kompetansen. Kompetanse er gjennomgåande i alle fasane frå rekruttering og gjennom heile tilsetjingsforløpet.

Vi tilbyr grunnleggjande opplæring for alle nye medarbeidarar, og det blir gitt sertifisering som inspektør når opplæringsløpet er gjennomført. 

Onboarding

I Luftfartstilsynet ønskjer vi å integrere nye medarbeidarar og sørgje for at dei blir tekne imot og følgde opp på ein profesjonell måte. Vi har difor eit eige onboardingprogram som skal sikre at nye medarbeidarar raskt blir sette inn i arbeidsoppgåvene sine og gjort kjende med dei strategiske måla og kulturen til Luftfartstilsynet. Alle nye medarbeidarar blir tildelte ein eigen fadder som er ansvarleg for å gi dei innføringa dei treng i arbeidsmåtane, reglane og rutinane i det aktuelle fagområdet.

Tilsettegoder

Fleksitid og overtidsbetaling

Luftfartstilsynet tilbyr fleksibel arbeidstid med gunstige høve til avspasering. Det er også mogleg å få overtidsbetaling. Vi praktiserer sommartid frå 15. mai til 14. september, og arbeidstida er då frå kl. 08.00 til kl. 15.00. Resten av året er arbeidstida 08.00–15.45.

Refusjon av utgifter til trening

Medarbeidarane våre får eit tilskot på inntil kr 1 800,- per år for utgifter knytte til trening. Vi dekkjer her m.a. treningsabonnement, klippekort på symjehall eller enkelttimar etter rekning.

Gode IKT-løysingar

IKT-løysingane våre gir gode høve til å jobbe på fjernaksess når du er på tenestereise eller treng å bruke heimekontor. Dei avanserte IKT-løysingane legg også til rette for dei av medarbeidarane våre som pendlar.

Jobbtelefon

Luftfartstilsynet kjøper inn mobiltelefonar til dei tilsette. Dersom ein medarbeidar ønskjer ein annan mobiltelefon enn standardmodellane våre, kan vi gi eit tilskot på kr 7 500,–.

Permisjon

Vi har fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjon med og utan lønn. Det er også mogleg å få permisjon til studiar og vidareutvikling.

Pensjonsordning

Alle tilsette er medlemmar av Statens pensjonskasse og nyt godt av avtalane og goda som følgjer av dette. Det blir trekt 2 prosent av brutto løn til obligatorisk premieinnskot.

Gunstige lånevilkår

Via medlemskapet i Statens pensjonskasse får du tilgang til eit av dei beste bustadlåna på marknaden. Gjennom arbeidsgivar blir det ved behov også gitt høve til kortsiktige lønslån.