Høyring - søknad om konsesjon for landingsplass for helikopter, Sunde i Kvinnherad

Handeland Gard AS har søkt om konsesjon for å starta opp, driva og ha ein landingsplass for helikopter på Grønaneset ved Sunde i Kvinnherad kommune.

Luftfartstilsynet sitt høyringsbrev ligg vedlagt, saman med utkast til konsesjonsvilkår og søknadsdokumenta frå Handeland Gard AS. 

Høyringsfråsegn kan ein senda på e-post til postmottak@caa.no, eller ved brev til Luftfartstilsynet, Postboks 243, 8001 Bodø. Merk helst høyringsfråsegnet med ref.: 20/13531.

Høyringsfristen er sett til 13. november 2020.

Publisert: 14. aug 2020