Hopp til innhold

Hang-, speed- og paraglidar

Foto: Ole Johnny Rønneberg

I Noreg har ein sidan midten av 1970-talet drive med hanggliding i regi av Norges Luftsportforbund (NLF). I 1986 blei også paragliding ein del av seksjonen i NLF. Sist ut med å bli innlemma i seksjonen var speedgliding i 2010.

I dag finn du hang-, para- og speedriderklubbar over heile landet. For å flyge hang-, para-, eller speedglider i Noreg, må du vere tilknytt ein organisasjon som har fått godkjenning frå Luftfartstilsynet til å drive opplæring, trening, vedlikehald av utstyr og styring av aktiviteten. Med andre ord ein organisasjon som har eit tryggleikssystem på plass. Du finn meir informasjon om tryggleikssystem for hang-, para-, og speedglider her: Forskrift om bruk av hangglider og paraglider (BSL D 4-7).

Regelverk

Det blir stilt strenge krav til eit godkjent tryggleikssystem. Luftfartstilsynet fører tilsyn med tryggleikssystemet for å forsikre seg om at aktiviteten blir utøvd i tråd med gjeldande regelverk.

Per i dag finst det berre eitt godkjent tryggleikssystem for hang-, para- og speedgliding i Noreg. Dette er eigd av Norges Luftsportforbund (NLF).

Norges Luftsportforbund har gjennom sitt godkjende tryggleikssystem, høve til å utdanne hang-, para-, og speedgliderpilotar. I tillegg kan du få ein introduksjon til sporten gjennom ein tandemtur med hang- eller paraglider. All utdanning skjer i regi av klubbar som er tilknytte NLF. Du finn meir informasjon om dette her.

Korleis kome i gang med hang-, speed eller paraglider

Dersom du ønskjer å vite meir om flyging med hang-, speed eller paraglider, kan du kontakte Norges Luftsportforbund.