Restriksjonsområde over Grøtsund i Tromsø
Luftfartstilsynet har oppretta eit restriksjonsområde i luftrommet over Grøtsund i Troms, i samband med militær aktivitet i området. Restriksjonsområdet er fastsett gjennom forskrift.
Restriksjonsområdet er markert med blå sirkel på kartet. Restriksjonsområdet har ein radius på 1 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 1000 fot over middels havnivå.
Restriksjonsområdet vil vera gjeldande heile døgeret frå og med 11. august 2024 kl. 15:00 til og med 31. august 2024 kl. 23:59, lokal tid.
I denne perioden vil all flyging i restriksjonsområdet vera forboden. Forbodet gjeld også ubemanna luftfartøy og modellfly.
Operatørar som har særskilt behov for flyging kan ta kontakt med Forsvaret. Kontaktinformasjon vil bli publisert på NOTAM.
Det er gitt opning for særskilte tilpassingar for regelbunden lufttrafikk, militær-, politi-, ambulanse- og søk- og redningsoppdrag. Desse kan koordinera flygingane med Forsvaret.