Flysikring

Fagområdet for flysikring famnar om det meste av den infrastrukturen som me har for å sikra at flygingar kan gå føre seg på ein trygg måte i luftrommet. Dette fagområdet er breitt og inneheld mange spesialiserte felt, frå lufttrafikkteneste til navigasjons- og kommunikasjonshjelpemiddel.

I tillegg til tilsyn med korleis tenesteytarar på flysikringsområdet opererer i høve til gjeldande regelverk, fører ein tilsyn med økonomien deira og korleis dei yter tenester.

Hovudoppgåvene på flysikringsfeltet er:

  • Luftromsorganisering. Dette knyter seg til korleis luftrommet er inndelt, kva type lufttrafikkteneste me skal ha i dei forskjellige delane av luftrommet, kven som kan fly kor og på kva vilkår. Under dette feltet inngår fleksibel bruk av luftrommet (Flexible Use of Airspace, FUA), som er reglar om korleis sivil og militær luftfart fordeler bruken av luftrommet seg imellom. Du kan lesa meir om FUA her.
  • Lufttrafikkteneste. Reglar om kva krav som vert stilt til dei som skal styra trafikken i luftrommet (flygeleiarar) og organisasjonane deira, samt når og kor slik teneste vert ytt. Til dette kjem også reglar om dei som gjev lufttrafikkinformasjon (Aerodrome Flight Information Service, AFIS), det vil seie personell som ikkje styrer lufttrafikken, men som gjev relevant informasjon om omgjevnadane til dei som er ute og flyr.
  • Kommunikasjon. Krav til radioar og frekvensar til bruk i lufttrafikken, krav til kva utstyr som skal kunna verta brukt til informasjonsdeling, sikring av kvaliteten på den informasjonen/dei data som vert brukte, m v.
  • Navigasjon og overvaking. Krav til innflygingssystem, prosedyrar for inn- og utflyging til lufthamner, radar og posisjonssystem, bruk av satelittsystem for navigasjon, med meir. Noreg har mellom anna ein strategi for bruk av såkalla ytingsbasert navigasjon (Performance Based Navigation, PBN). Denne kan du lesa meir om her.
  • Meteorologi. Krav til flyvêrteneste.
  • Avgifter, økonomi og yting. Regler for kva avgifter som ein kan krevja for flygingar i luftrommet, samt for inn- og utflygingar til lufthamner. I tillegg vert det utført økonomisk tilsyn med tenesteytarar på flysikringsområdet, og tilsyn med at desse leverer tenester som er effektive og utan for høg kostnad.
  • Single European Sky. EU vedtok på byrjinga av 2000-tallet eit stort program for å betra ytinga i og bruken av det europeiske luftrommet. Programmet har i seg ei mengde regelverk for å samkøyra dei nasjonale flysikringstenestene, samt monalege økonomisk tilskotsordningar. Du kan lesa meir om Single European Sky her.

 

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45-47 8006 Bodø