Hopp til innhold

Taxfree i handbagasjen

Har du handla på Taxfree og vil ha med deg varene i handbagasjen? Les meir her om korleis du går fram.

Du har rett til å ta med deg taxfree-posen dersom han let seg klarere i tryggleikskontrollen. Dette inneber at det må vere ein forsegla, godkjent taxfree-pose som du har gyldig kvittering på. Posen skal plasserast på bagasjebandet med kvitteringa synleg. 

  • All taxfree som er pakka i ein «Security Tamper Evident Bag» kan takast med til tryggleikskontrollen.
  • Du bør helle alt flytande over i boksane som lufthamna stiller til disposisjon, og sørgje for at det ikkje ligg att noko flytande i handbagasjen.
  • Passasjerane treng ikkje lenger passe på nokon tidsfrist når det gjeld taxfree gjennom tryggleikskontrollen. Så lenge posen er ein «Security Tamper Evident Bag» som definert av ICAO, og er pakka på ei lufthamn eller om bord i eit luftfartøy, har alderen ingenting å seie.
  • Du har rett til å prøve å få klarert posen i tryggleikskontrollen, men du kan ikkje krevje å få han med deg dersom han ikkje lèt seg klarere. Korleis posen blir kontrollert, avheng av når og kor han er kjøpt og kva utstyr som er tilgjengeleg på den aktuelle lufthamna.
  • Securityregelverket har ikkje nokon restriksjonar på kor mange taxfree-posar du kan ta med deg, men regelverket som Tollvesenet handhevar, set grenser for kor mykje alkohol du får ta med utan å betale toll eller andre avgifter.
  • Tryggleikskontrollørane kan opne taxfree-posen din for å nytte kontrollutstyr som berre kan undersøkje éi flaske om gongen. Viss du skal vidare med fly neste dag, kan du be om å få forsegla taxfree-varene i ein ny pose.
  • Viss du ikkje får med deg flasker med alkoholhaldig innhald gjennom tryggleikskontrollen, kan du anten gi dei frå deg og få dei destruert, eller sjekke dei inn. Dersom du vel alternativ to, må du vere merksam på at du kan få rekning i posten frå forsikringsselskapet dersom flaskene blir knuste under reisa og øydelegg bagasjen til andre.