Hopp til innhold

Seglfly

Seglfly er ein eigen flykategori der du må nytte termikk eller vindstraumar for å vinne høgde. I Noreg finst det fleire område som er godt eigna for denne typen flyging, der det er mogleg å tilbakeleggje store distansar.

Flyging med seglfly er i dag regulert etter norske reglar, men desse vil bli erstatta med europeiske reglar i løpet av 2019. Vi har i underkant av 30 seglflyklubbar i Noreg som er organiserte under Norges Luftsportforbund. Tilsyn med bevis, sertifikat og utdanning for seglfly er underlagt Norsk Luftsportstilsyn (NLT).

Krav til deg som flyg

Minstealderen for å få seglflybevis er i dag 17 år, men med det nye europeiske sertifikatet blir minstealderen sett ned til 16 år. Dersom du ønskjer seglflybevis, må du gjennom ei teoretisk og praktisk opplæring. Vi anbefaler at du får utført ei legeundersøking før du går i gang med opplæringa.

Korleis kome i gang med seglflyging

Dersom du ønskjer å vite meir om flyging med seglfly, kan du kontakte Norges Luftsportforbund eller Norsk Luftsportstilsyn.