Hopp til innhold

Friballong

Flygende fargering varmluftsballong
Foto: Kupono Kuwamura on Unsplash

Flyging med ballong er kanskje den eldste forma for flyging som finst. Spesielt i land som Tyskland, Frankrike og England er flyging med ballong særs populært. I Noreg har vi på noverande tidspunkt berre nokre få varmluftsballongar.

Flyging med ballong er per i dag regulert etter europeiske reglar. Vi har ein ballongklubb i Noreg som er organisert under Norges Luftsportforbund. Tilsyn med bevis, sertifikat og utdanning for ballong er underlagt Norsk Luftsportstilsyn.

Krav til deg som flyg

Minstealderen for å få ballongsertifikat er 16 år. Dersom du ønskjer å ta sertifikat for ballong, må du gjennom ei teoretisk og praktisk opplæring. Vi anbefaler at du får utført ei legeundersøking før du går i gang med opplæringa.

Korleis kome i gang med ballongflyging

Dersom du ønskjer å vite meir om ballongflyging, kan du kontakte Norges Luftsportforbund.