Hopp til innhold

Vedlikehald av nasjonalt sertifiserte luftfartøy

Frå 1. juli 2021 gjeld det ei ny forskrift om kontinuerleg luftdyktigheit for nasjonalt sertifiserte luftfartøy. Den nye forskrifta blir i Luftfartstilsynets publiseringssystem (bestemmelser for sivil luftfart) kalla for BSL B 3-3.

BSL B 3-3 fastset krava til vedlikehald og kontinuerleg luftdyktigheit for dei luftfartøya som blir regulerte av BSL B 3-2 og sjølvbyggjarforskrifta BSL B 3-1.

BSL B 3-3 fastset kva krav som skal gjelda for vedlikehald, og gjennomfører utvalde delar av forordning (EU) nr. 1321/2014, nærare bestemt Part-ML og Part-M. BSL B 3-3 speglar i størst mogleg grad det systemet som er innført gjennom det felleseuropeiske regelverket for EASA-sertifiserte luftfartøy. Dette inneber at dei same omgrepa blir nytta. For å kunna skilja dei to systema frå kvarandre, er det innført omgrepa N-ARC, N-CAMO, N-CAO og N-Part-145, dvs. nasjonal ARC, nasjonal CAMO, nasjonal CAO og nasjonal Part-145. Krava til vedlikehald og kontinuerleg luftdyktigheit for nasjonalt sertifiserte luftfartøy er gjort mest mogleg lik krava som gjeld for EASA-sertifiserte luftfartøy.

Det er etablert eit system med sjølverklæring, der aktørar med EASA-godkjenning berre treng å senda inn sjølverklæring til Luftfartstilsynet (lenkje til skjema) for å kunna utføra tilsvarande tenester etter BSL B 3-3. Part-66 flyteknikarar får gjennom BSL B 3-3 direkte rettar til å utføra og attestera for vedlikehald i same omfang som etter det felleseuropeiske regelverket. Ut over dette er det innført ein del særordninger som er nødvendig fordi dei aktuelle luftfartøytypane ikkje er EASA-sertifiserte.

Luftdyktigheitsbevis, VR og N-ARC

Frem til 1. juli 2021 har luftfartøya hatt luftdyktigheitsbevis med utløpsdato. Luftdyktigheitsbevisa har vorte fornya på grunnlag av den årlege vedlikehaldsrapporten.

Luftfartstilsynet vil utskriva nytt luftdyktigheitsbevis på grunnlag av motteken kopi av VR (vedlikehaldsrapport). Du treng ikkje søkja om nytt luftdyktigheitsbevis. Dei nye luftdyktigheitsbevisa vil ikkje ha utløpsdato. Dei gamle luftdyktigheitsbevisa er gyldig fram til utløpsdatoen sin.

VR (vedlikehaldsrapport) som er utskrive før 1. juli 2021, er framleis gyldig inntil utløpsdatoen sin. Før utløpsdato for denne VR, kan luftdyktigheita forlengjast éin gong gjennom ein ny VR. Luftfartstilsynet utskriv nytt luftdyktigheitsbevis og utferdinga til første gong av N-ARC på grunnlag av ny VR. N-ARC må deretter forlengjast etter føresegna i BSL B 3-3 § 20, eller utskrivast på nytt etter BSL B 3-3 § 18 eller § 19. Sjå meir informasjon om overgangsreglane i rettleiinga til BSL B 3-3