Hopp til innhold

Luftdyktigheit for luftfartøy som skal nasjonalt sertifiserast

Frå 1. juli 2021 gjeld det ei ny forskrift om nasjonal sertifisering av luftfartøy. Den nye forskrifta blir i Luftfartstilsynets publiseringssystem (Føresegner for sivil luftfart) kalla for BSL B 3-2.

BSL B 3-2 fastset krava for å oppnå luftdyktigheit for eit luftfartøy, dvs. utferding av luftdyktigheitsbevis. Forskrifta omfattar alle luftfartøy som ikkje blir regulerte av det felleseuropeiske regelverket. Det er eit stort spenn i kva luftfartøy som kan komma inn under BSL B 3-2. Forskrifta inneheld derfor fleksible føresegner slik at ulike typar luftfartøy kan vurderast ut frå dei same føresegnene.

BSL B 3-2 speglar i størst mogleg grad det systemet som er innført gjennom det felleseuropeiske regelverket for EASA-sertifiserte luftfartøy. Dette inneber at dei same omgrepa blir nytta. For å kunna skilja dei to systema frå kvarandre, er det innført omgrepa N-ARC, N-CAMO, N-CAO og N-Part-145, dvs. nasjonal ARC, nasjonal CAMO, nasjonal CAO og nasjonal Part-145.

Luftfartstilsynet vil utskriva 3 typar luftdyktigheitsbevis:

Luftdyktigheitsbevis

Luftfartøy i normalklassen

  • luftfartøy som oppfyller krava i eit typesertifikat og som har ein typesertifikathaldar
Særskilt luftdyktigheitsbevis

Luftfartøy i spesialklassen

  • luftfartøy som ikkje har eit gyldig 
    typesertifikat 
  • luftfartøy som fråvik krava i eit typesertifikat
  • luftfartøy som ikkje oppfyller krava i eit typesertifikat
Særskilt luftdyktigheitsbevis, amatørbygd  For amatørbygd luftfartøy (sjølvbygd luftfartøy) som har vore luftdyktig

 Det er innført eit krav om at luftfartøy i eksperimentalklassen skal vera merkt med eit varselskilt. Plikta til merking må sjåast i samanheng med føresegna i forskrift om luftfartsoperasjonar med nasjonalt sertifiserte luftfartøy § 5, om plikt til å informera passasjerar om at luftfartøyet ikkje oppfyller internasjonale krav til teknisk standard. Det er teke inn ein overgangsregel som inneber at varselskilt ikkje må vera på plass før 1. januar 2023.

Det er laga ei rettleiing til forskrifta. Rettleiinga vil bli vidareutvikla etter kvart som me får erfaring med kvar det trengst forklaring til forskrifta.