Hopp til innhold

Risiko i flyoperative miljø

Denne rettleier handlar om risikostyring og risikovurdering. innhaldet er først og fremst henta frå ISO 31000 og norsk standard 5814, men tilpassa av Luftfartstilsynet.

Risikostyring og risikovurdering er viktige verktøy for eit godt flytryggingsarbeid. Dette gjennomsyrar bransjen frå flyging med modellfly til langdistanseflyging med Dreamliner. Sjølvsagt er tilnærminga og formålstenleg metode ulik. Her gjeld det å finna rett verktøy for jobben.  

I denne rettleiaren finn du informasjon og ein systematikk eigna for små operative organisasjonar som beskrive i føresegn for sivil luftfart D 3-1, flyklubbar eller ein driftsorganisasjon som blir etablert for å arrangera større flystemne.

Innhaldet blir fortløpande oppdatert. 

Har du tilbakemeldingar eller forslag til forbetringar av denne rettleiaren? Send oss gjerne ein e-post til postmottak@caa.no. Merk e-posten: veileder for risikostyring