Hopp til innhold

Bytte utferdarland for flygarsertifikat og medical

Vil du overføre ditt flygarsertifikat og/eller din medical til ein annan myndighet? Slik går du fram:

  1. Send inn søknad om bytte av luftfartsmyndigheit
    Du må søkje i det landa som du ønskjer som framtidig luftfartsmyndigheit. Luftfartsmyndigheitane i dei aktuelle landa vil vidare samhandle om overføring av aktuell informasjon og dokument.

    Du som ønskjer å flytte ditt flygarsertifikat og/eller medical frå Noreg til eit anna utferdarland sender ein søknad til det aktuelle landet. Ta kontakt med luftfartsmyndigheita i landet for informasjon om korleis du går fram.

    Du som ønskjer å flytte ditt flygarsertifikat og/eller medical til Noreg søkjer ved å sende inn følgjande skjema.

    NF-1057E application change
    of competent authority
  2. Betal overføringsgebyr
    Du vil i dei fleste tilfelle bli fakturert av den framtidige myndigheita, og i nokre tilfelle også av den noverande myndigheita. 
    I Noreg er det eit gebyr for å flytte flygarsertifikatet og eit gebyr for å flytte medical. Desse gebyra finn du i Forskrift om gebyr til Luftfartstilsynet mv. (BSL A 1-2).

  3. Returnér gamle sertifikat
    Når du tek imot det nye sertifikatet og legeattesten må dei gamle omgåande sendast tilbake til det nye utferdarlandet.