Hopp til innhold

Kontakt NLR

Noregs luftfartøyregister er vanlegvis ope på kvardagar frå kl. 10 til 14. Sjå e-postadresse og telefonnummer under kontaktinformasjon nederst på sida.

Dokument som er innleverte før klokka 14, blir normalt dagbokførte – det vil seie at registreringar får rettsvern – same dag som dei kjem inn. Dokument som blir mottekne etter klokka 14, kan først dagbokførast påfølgjande arbeidsdag.

På dagar der kontortida er slutt før klokka 14, til dømes onsdag før skjærtorsdag, må dokument vere innleverte innan slutten på kontortida for å kunne bli dagbokførte denne datoen.

NLR kan også vere stengt i periodar, til dømes i tidsrommet frå julaftan til og med nyttårsaftan. Informasjon om stenging blir lagt ut på nettsida. Dokument som kjem inn i løpet av ein periode der NLR er stengt, vil bli registrerte den dagen NLR opnar att. Registreringar får rettsvern frå denne registreringsdagen.

Når det blir motteke eit dokument, blir det gjort ei vurdering av om dokumentet kan dagbokførast og registrerast i NLR. NLR har som mål å behandle saker så snart som mogleg og seinast innan éi veke etter mottak. Dette føreset at alle nødvendige dokument er oversende til NLR og inneheld all nødvendig informasjon. I ferieperiodar må ein rekne med at behandlingstida kan bli lengre.

Planlagte stengte dagar

I tillegg til helligdagar har Noregs luftfartøyregister stengt følgjande dagar/periodar i 2024:

25.–27. mars (påsken)

15.–19. juli

Kontakt Norges luftfartøyregister (NLR)

  • Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø