Hopp til innhold

NOTEX 2023/4

Forlenging av klasserettigheiter basert på erfaring (12 timars forlenging).

Ved forlenging av einmotors klasserettigheiter kan ein nytte erfaringsgrunnlag i staden for å gjennomføre ferdigheitskontroll (PC). Erfaring som kan nyttast kjem fram av FCL.740.A(b) og gjeld 12 timar med flyging i løpet av dei siste 12 månadane. Desse timane skal inkludere minst seks timar som fartøysjef og minst éin time med instruktør.

Flytid oppnådd med Annex II-luftfartøy blir fullt ut godkjent mot desse tolv timane, under følgjande vilkår:

  1. luftfartøyet samsvarar med definisjonar og kriterium for respektive Part-FCL luftfartøykategori, klasse og typerettigheit, og
  2. luftfartøyet som blir nytta til treningsflyging med instruktør er eit Annex II-luftfartøy av type (a), (b), (c) eller (d), og som er spesifikt godkjend for skuleflyging i ein ATO eller DTO i samsvar med ORA.ATO.135 eller DTO.GEN.240.

I praksis betyr dette at innehavarar av til dømes klasserettigheit SEP(land) kan tene opp dei 12 timane med flytid på EASA-luftfartøy, veteranfly, eksperimentelle, sjølvgjorde fly eller tidlegare militære fartøy. Timen med instruktør må likevel vere gjennomført på eit EASA-luftfartøy eller eit Annex II-luftfartøy som er godkjend som nemnt over. Det er ikkje mogleg å nytte mikrofly til instruktørtimen, men mikroflytid blir godtatt for dei siste 11 timane.

Skjema NF-1092 reflekterer desse krava. Det er informasjon på skjemaet, og det må kryssast av for om luftfartøyet har gjeldande godkjenning eller ikkje. Kontrollantar som utfører forlenging av klasserettigheiter basert på erfaring må kontrollere at fartøyet som er nytta til instruktørtimen har slik godkjenning. Dersom dokumentasjon på dette ikkje føreligg, kan ikkje forlenginga bli gjennomført.