Hopp til innhold

Restriksjonsområde i luftrommet over Grøtsund i Tromsø kommune

Kart over restriksjonsområdet Grøtsund i Troms.
Restriksjonsområdet er markert med blå sirkel på kartet. Restriksjonsområdet har ein radius på 1 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 1000 fot over middels havnivå.

Luftfartstilsynet har fastsett eit restriksjonsområde i luftrommet over Grøtsund i Troms, i samband med militær aktivitet i området.

Restriksjonsområdet er markert med blå sirkel på kartet ovanfor. Restriksjonsområdet har ein radius på 1 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 1000 fot over middels havnivå.

Restriksjonsområdet vil vera aktivt i følgjande periodar:

  • 7. til 9. juni
  • 12. til 18. juni
  • 27. til 29. juni

I denne perioden vil all flyging i restriksjonsområdet vera forboden. Forbodet gjeld også ubemanna luftfartøy og modellfly.

Operatørar som har særskilt behov for flyging kan ta kontakt med Forsvaret. Kontaktinformasjon vil bli publisert på NOTAM.

Det er gitt opning for særskilte tilpassingar for regelbunden lufttrafikk, militær-, politi-, ambulanse- og søk- og redningsoppdrag. Desse kan koordinera flygingane med Forsvaret.

Sist oppdatert: 06.06.2024