Hopp til innhold

Restriksjonsområde i luftrommet over Elvenes i Salangen kommune

Kart med restriksjonsområde markert med en rød prikk på Elvenes i Salangen kommune.

Luftfartstilsynet har fastsett eit restriksjonsområde i luftrommet over Elvenes i Salangen kommune, i samband med alliert militær aktivitet i området.

Restriksjonsområdet er fastsett gjennom forskrift (lovdata.no).

Restriksjonsområdet er markert med raud sirkel på kartet nedanfor, og med raudt merke (omtrentleg) på oversiktskartet ovanfor. Restriksjonsområdet går frå bakken/vatnet og opp til 6500 fot over middels havnivå.

Kart med restriksjonsområde over Elvenes i Salangen kommune i rød sirkel.

Restriksjonsområdet vil gjelda i perioden 5. juni kl. 0700 til 22. juni kl. 2359, lokal tid.

I denne perioden vil all flyging i restriksjonsområdet vera forboden. Forbodet gjeld også ubemanna luftfartøy og modellfly.

Operatørar som har særskilt behov for flyging kan ta kontakt med Forsvaret. Kontaktinformasjon vil bli publisert på NOTAM.

Det er gitt opning for særskilte tilpassingar for militær-, politi-, ambulanse- og søk- og redningsoppdrag. Desse kan koordinera flygingane med Forsvaret.