Rapportere ei luftfartsulukke eller -hending
Ifølgje rapporteringsforordninga er personar i luftfarten pliktige å rapportere luftfartshendingar som kan utgjere ein vesentleg risiko for flytryggleiken.
Rapportar om luftfartsulukker og alvorlege luftfartshendingar skal sendast både til Luftfartstilsynet og Statens havarikommisjon for transport. Rapportar om hendingar som ikkje er alvorlege, skal berre sendast til Luftfartstilsynet. Dette blir gjort automatisk viss du bruker skjema NF-2007 i Altinn. Du finn her meir informasjon om kven som har rapporteringsplikt, og kva som skal rapporterast.
Format og rapporteringsmåte
Kravet i forordning (EU) 376/2014 (artikkel 7), både til styresmakter og industri, om at systema for tryggleiksinformasjon skal vere bygde på ECCAIRS-format og definisjonar framover, er delvis vareteke for rapporteringsløysinga NF-2007 i Noreg. Dersom organisasjonen som nyttar skjema NF-2007 vel å analysere og eventuelt følgje opp eit tilfelle eller ei gruppe av tilfelle ber Luftfartstilsynet om at informasjon om dette blir send på e-post til NF-2007@caa.no. Dette sidan skjema NF-2007 ikkje har eigne felt for denne informasjonen.
Dei rapporterte opplysningane blir nytta som grunnlag for analysar og tiltak for å betre tryggleiken. Styresmaktene skal ikkje bruke mottekne opplysningar til å fordele skuld og ansvar, men til å oppretthalde og betre flytryggleiken.
Ein viktig del av rapporteringsregelverket er å verne rapportøren mot negative konsekvensar av å rapportere. I samsvar med rapporteringsforordninga har Luftfartstilsynet teieplikt om alle rapporterte opplysningar.
Luftfartstilsynet kan ikkje bruke rapporterte opplysningar som grunnlag for å tilbakekalle personsertifikat, med mindre opplysningane gjer det klart at sertifikatinnehavaren ikkje oppfyller fastsette medisinske krav, eller av andre grunnar er klart uskikka til å ha sertifikatet. Det er også forbode for arbeidsgivar å rette sanksjonar mot den som har rapportert, og mot personar som er omtalte i ein rapport.
Du finn meir informasjon om rapportering av ulukker og hendingar her.
Personopplysningar
I samband med behandlinga av rapporten treng vi visse opplysningar om deg.
Formålet med personopplysningane er å kunne kontakte deg ved behov for meir informasjon om innhaldet i rapporten.
Personopplysningane blir behandla i tråd med GDPR (personvernforordninga frå EU (2016/679)). Behandlingsgrunnlaget er artikkel 6 nr. 1 bokstav e, jf. EU-forordning 376/2014 – rapporteringsforordninga.
Opplysningane blir lagra på rapporten så lenge han ligg i databasen, og vil bli nytta dersom det på eit seinare tidspunkt skulle bli behov for å kontakte deg. Det er såleis ikkje høve til å krevje sletting av registrerte personopplysningar. Rapportar om luftfartstilfelle er unnatekne offentleg innsyn og vil ikkje bli utleverte ved eventuelle førespurnader om innsyn. Dersom du meiner at opplysningane blir behandla i strid med reglane, kan du klage til Datatilsynet.
Luftfartstilsynet er behandlingsansvarleg. Du kan kontakte personvernombodet vårt på personvernombud@caa.no.
Dersom du ikkje kan rapportere via Altinn, finn du rapporteringsskjema NF-2007 i Word og PDF under.
Oppdatert 18. juni 2021.