Førebels registrering for heimflyging
Ved kjøp av luftfartøy i utlandet er det mogleg å få fartøyet førebels registrert i Norges luftfartøyregister (NLR), slik at fartøyet kan flygast til Noreg eller annan spesifisert destinasjon på norsk registrering.
Førebels registrering på vegner av NLR blir utført av ein norsk utanriksstasjon (ambassade eller konsulat). Det må søkjast om førebels registrering i god tid, seinast 10 arbeidsdagar før den planlagde registreringa.
Søknaden om førebels registrering sendast til Norges luftfartøyregister.
Søknaden må innehalde følgjande informasjon:
- Fabrikant, type og serienummer
- Namn, organisasjonsnummer og adresse for personen som skal registrerast som eigar
- Ved kva utanriksstasjon og på kva dag ein ønskjer å få utført førebels registrering
- Oversikt over dokumenta som skal leggjast fram for utanriksstasjonen
- Avreise- og måldestinasjon
- Kontaktperson i saka som NLR og utanriksstasjonen kan kontakte
Når den førebelse registreringa skal gjennomførast, må originalt heimelsdokument leggjast fram for utanriksstasjonen. Dette er vanlegvis eit skøyte (på engelsk «Bill of Sale»). Skøytet må oppfylle alle krav som blir stilte til heimelsdokument ved endeleg registrering. I tillegg må det leggjast fram ein sletteattest frå luftfartøyregisteret i landet som stadfestar at fartøyet er sletta eller aldri har vore registrert (gjeld fabrikknye luftfartøy). Normalt sett må det også leggjast fram dokumentasjon for seljar og kjøpar.
Dersom utanriksstasjonen skal gjennomføre den førebelse registreringa ein annan stad enn der ambassaden eller konsulatet er lokalisert, må dette avtalast direkte med utanriksstasjonen. Det blir dessutan tilrådd å opprette kontakt med utanriksstasjonen for endeleg avklaring av dag og tidspunkt for den førebelse registreringa.
Når fartøyet er førebels registrert, vil utanriksstasjonen utferde eit mellombels nasjonalitets- og registreringsbevis. Det mellombelse nasjonalitets- og registreringsbeviset er berre gyldig for heimflyging (éi flyging med nødvendige tekniske stopp) til Noreg eller annan spesifisert destinasjon. Beviset skal oppbevarast i fartøyet. Flyging er berre tillate dersom Luftfartstilsynet i tillegg har utferda nødvendig teknisk løyve. Etter at luftfartøyet har kome til Noreg eller annan spesifisert destinasjon, kan det ikkje flygast att før det er endeleg registrert i NLR.
Vilkåra i luftfartslova § 3-9 må vere oppfylte for at eit fartøy skal kunne registrerast førebels i Norges luftfartøyregister. Registreringsforskrifta §§ 10 og 11 har meir detaljerte føresegner om førebels registrering for heimflyging.
Kontakt Norges luftfartøyregister (NLR)
- E-post: nlr@caa.no
- Luftfartstilsynet v/NLR: Postboks 243, 8001 Bodø
- Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø
-
Telefon:
10.00–14.00 alle hverdager
- Faks: