Hopp til innhold

Reglane for droneflyging på 17. mai

Vit hvor du ikke har lov til å fly drone.
Vit hvor du ikke har lov til å fly drone. Foto: Foto: Ivan Milano. Annonse: Headspin.

Politiet er klåre på kvar du ikkje skal fly drone på 17. mai, og kva som kan vere konsekvensane.

  • Ikkje fly over 17. mai tog eller folkemengder
  • Ver sikker på at du har løyve viss du flyr i nærleiken av flyplassar

– Vi ynsker å unngå at ein drone fell ned i ei folkemengde, eller utgjer ein fare for flytrafikken, seier Harald Nilssen, stabssjef i Oslo politidistrikt. – Flyging ved lufthamner og over folkemengder er ikkje lov utan særskilt løyve. I Oslo sentrum gjeld i tillegg eit generelt flyforbod heile året. Flyging utan dronelappen eller i strid med reglane kan føre til bot frå kr. 12.000 og du risikerer at dronen vert inndratt.

Stabssjef Harald Nilssen, Oslo politidistrikt
Stabssjef Harald Nilssen, Oslo politidistrikt. Foto: Oslo politidistrikt

Hugs å få løyve

– På spesielt folksame dagar som nasjonaldagen er det ekstra viktig å følge dronereglane, seier Anders Kirsebom, konserndirektør regionale lufthamner i Avinor. – Uautoriserte droneflygingar i nærleiken av flyplassane våre kan føre til konsekvensar for flytrafikken. Vi oppmodar alle som ynsker å flyge drone på 17. mai til å registrere flyginga si. Da veit det lokaleflytårnet kvar og når du ynsker å flyge, og kan vareta tryggleiken for alle partar.

Skal du fly drone i nærleiken av flyplassar må du:

  • Få løyve av det lokale flytårnet. For enkelte lufthamner kan du søke om løyve i appen i Ninox drone. For andre lufthamner finst kontaktinformasjon til det lokale tårnet på Avinors nettside.
Direktør regionale lufthavner Anders Kirsebom, Avinor
Direktør regionale lufthavner, Anders Kirsebom, Avinor. Foto: Avinor

Ta dronelappen

Luftfartstilsynet er klåre på at alle som skal flyge drone i Noreg må vere registrert på flydrone.no
– På lik linje som at du er ein del av trafikkbildet når du køyrer bil, er du ein del av luftfarten når du flyr drone, påpeikar seksjonsleiar Andreas Johansen i Luftfartstilsynet. – Difor er det viktig å ta dronelappen og sette seg inn i reglane. Dei viktigaste er:

  • Ta dronelappen på flydrone.no
  • Du skal alltid ha augekontakt med dronen
  • Vit kvar du ikkje har lov til å fly (flyplassar, verneområde og nasjonalparkar, militære område, mm.)
  • Ikkje fly lenger enn 120 meter frå bakken
  • Ikkje fly over folkesamlingar
Seksjonssjef ubemannet luftfart, Andreas Johansen, Luftfartstilsynet
Seksjonssjef ubemannet luftfart, Andreas Johansen, Luftfartstilsynet. Foto: Luftfartstilsynet

Oslo politidistrikt, Avinor og Luftfartstilsynet ynsker ein fin (og sikker) feiring.


Kontaktinformasjon

Oslo politidistrikt
Pressesjef Unni Turid Grøndal

Avinor
Kommunikasjonsrådgivar Helene Wattanapradit Jensen

Luftfartstilsynet
Kommunikasjonsrådgivar Sanne Blom