Høyring - søknad om konsesjon for landingsplass for helikopter, Austrepollen i Kvinnherad

Statkraft Energi AS har søkt om konsesjon for å starta opp, driva og ha ein landingsplass for helikopter ved Mauranger kraftstasjon i Austrepollen i Kvinnherad kommune.

Luftfartstilsynet sitt høyringsbrev ligg vedlagt, saman med utkast til konsesjonsvilkår og søknadsdokumenta frå Statkraft Energi AS.

 

Høyringsfråsegn kan ein senda på e-post til postmottak@caa.no, eller ved brev til Luftfartstilsynet, Postboks 243, 8001 Bodø. Merk helst høyringsfråsegnet med ref.: 20/11265.

Høyringsfristen er sett til 21. september 2020.

 

Publisert: 22. jun 2020