Ny forskrift om sportsflyging
Luftfartstilsynet har utarbeidt ny nasjonal forskrift om luftfart med sportsfly. Forskrifta blei vedtatt av Samferdselsdepartementet 21. mars 2024 og trer i kraft same dag.
Forskrifta vert ny BSL D 4-8, og erstattar både tidlegare forskrift 22. november 2007 nr. 1317 om flyging med mikrolette luftfartøy, og forskrift 19. januar 2007 nr. 58 om tekniske krav mv. for sivile luftfartøy med startmasse (MTOM) inntil 495 kg (BSL B 2-5).
Forskrifta gjeld for bruk av:
- Mikrolette luftfartøy, dvs. fartøy angitt i forordning (EU) 2018/1139 (ny EASA grunnforordning) vedlegg 1 bokstav e og f: Motorfly, seglfly, helikopter og gyroplan med inntil to sete og etter vektgrensene som er sette, maksimalt opp til 495 kg.
- Sportsluftfartøy, dvs. fartøy angitt i forordning (EU) 2018/1139 artikkel 2 nr. 8: Motorfly, seglfly og helikopter med inntil to sete og med vekt opp til 600/650kg som angitt.
For å gjere reglane lettare tilgjengeleg, samlar forskrifta reglane om flyging, tekniske krav og vedlikehald, utdanning og registrering.
Bruk innanfor tryggingssystem
Mikrolette luftfartøy må, til liks med den tidlegare forskrifta, vert bruka innanfor eit godkjent tryggingssystem. Per i dag er det berre Noregs Luftsportsforbund som har eit slikt tryggingssystem.
Eit tryggingssystem er eit kvalitets- og risikostyringssystem som skal vareta alle sider ved bruk av slike luftfartøy. Tryggingssystemet skal vere i samsvar med krava i forskrifta, og innehalde dei nærare krava til opplæring, flyging (operative krav) og krav til luftdyktigheit og vedlikehald. Som utøvar vil ein derfor først og fremst måtte ta omsyn til reglane og krava i tryggingssystemet.
Spesielt om sportsluftfartøy
Forskrifta gjer det mogleg å operere sportsluftfartøy som ikkje er typegodkjende av EASA i Noreg. Dette kan skje enten ved å operere luftfartøyet innanfor eit tryggingssystem på same måte som for mikrofly. Alternativt kan ein operere luftfartøyet etter reglane for nasjonalt sertifiserte luftfartøy (BSL D 3-1, BSL B 3-2 og B 3-3).
Føresetnaden for det siste er at luftfartøyet vert godkjent av Luftfartstilsynet og at det kan registrerast i Norges luftfartøyregister.
For å operere det innanfor eit tryggingssystem er det er føresetnad at organisasjonen som har dette har opna opp for bruk av slike luftfartøy. Ein må derfor forhøyre seg med den aktuelle organisasjonen. Luftfartøyet må også registrerast i NLFs register for sportsfly og godkjennast av organisasjonen som har tryggingssystemet.
Andre hovudelement i forskrifta
Operativt
Utgangspunktet er at luftfartøyet skal opererast i samsvar med krava i tryggingssystemet. Reglane i BSL D 3-1 kapittel II og lufttrafikkreglane i BSL F 1-1 gjeld også, men med nokre tilpassingar:
- Forskrifta gir berre mogelegheit for VFR-flyging.
- VFR-natt og VFR «on-top» vil vere mogleg på visse vilkår, dersom tryggingssystemet opnar for det.
- Forskrifta inneheld også særlege reglar om skuleflyging.
Kompetanse
For å fly må ein ha gått igjennom opplæring hos ein organisasjon med godkjent tryggingssystem og fått utskrive kompetansebevis. Kompetansebeviset er i utgangspunktet berre gyldig innanfor tryggingssystemet som har utskrive dette.
For nye kandidatar krevst det også opplæring i flytelefoni og bestått språkprøve i engelsk flytelefoni. Dei som har kompetansebevis frå før, men utan slik språkrett, vil berre kunne fly i område der det ikkje er krav om bruk av flyradio.
LAPL og PPL sertifikatinnehavarar er fritatt kravet om kompetansebevis med det må gjennomførast differansetrening som fastsett i tryggingssystemet.
Luftdyktigheit
Luftfartøyet må ha flyløyve frå organisasjonen som har tryggingssystemet.
Det må også bereknast tillat nyttelast. Det vil seie kor stor del av den maksimale avgangsmassen til fartøyet i flygeklår tilstand som skal reserverast for nyttelast slik dette er angitt i forskrifta. Berekning av nyttelast vert i samsvar med gjord tryggingssystemet.
Luftfartøyet skal haldast i samsvar med ved like eit vedlikehaldsprogram etter vedlikehaldsplanen til fabrikanten, eller etter eit minimumsprogram frå organisasjonen som har tryggingssystemet.
Forskrifta inneheld også andre krav og bør derfor lesast for å få oversikt over desse. Høyringsbrevet som du finn under, inneheld også informasjon om forskrifta. Merk at den vedtatte forskrifta inneheld enkelte endringar samanlikn med utkastet som var på høyring.
Under finn du ogso lenkje til Luftfartstilsynets nettmøte om forskrifta. Her finn du og svar på ein del spørsmål til forskrifta.