Hopp til innhold

Korleis blir LAPL-privilegium haldne gyldige?

For å halda LAPL (A)-privilegiet gyldig må ein dei siste 24 månadene ha floge minimum tolv timar som fartøysjef, med instruktør eller soloflyging under rettleiing av instruktør. Dette må inkludera tolv avgangar og landingar, og éin time med instruktør. Flygetida skal reknast frå dato til dato, løpande, gjennom 24 månader. 

For LAPL (H) er tilsvarande timekrav seks timar som fartøysjef, med instruktør eller soloflyging under rettleiing av instruktør. Dette må inkludera seks avgangar og landingar, og éin time med instruktør, i løpet av siste tolv månader. Referanse til regelverket er FCL.140.A og FCL.140.H.

Sist oppdatert: 30.08.2024