HMS-forum hos Luftfartstilsynet

I 2014 blei det oppretta eit forum for arbeidsmiljø innanfor luftfartsbransjen. Det er her snakk om eit samarbeidsforum mellom Luftfartstilsynet og hovudorganisasjonane til den sivile luftfarten.

Forumet arbeider systematisk med helse-, miljø- og tryggleiksarbeid (HMS) og skal vere eit sentrum for beskriving og diskusjon av impulsar og trendar i norsk sivil luftfart. Forumet er i tillegg eit organ for informasjonsdeling og kunnskapsutvikling innanfor HMS.

HMS forumet samarbeider på følgjande område:

  • Utvikling av bransjen
  • Arbeidsmiljø
  • Arbeidsmiljøstatistikk
  • Utvikling av regelverk
  • Internasjonalt arbeid
  • Informasjonsverksemd

Innsikta som partane har i gjeldande forhold og utviklinga i verksemdene, vil gjennom diskusjonar i forumet kunne danne grunnlag for å identifisere moglege satsingsområde.

Dei som deltek i HMS-forumet, er – forutan Luftfartstilsynet – representantar for NHO, Parat, Norsk Flygarforbund, Kabinansattes Forbund og LO/HK. I tillegg har Arbeidstilsynet ei observatørrolle.

Kontakt Luftfartstilsynet

  • Postadresse: Postboks 243, 8001 Bodø
  • Besøksadresse: Sjøgata 45–47, 8006 Bodø