Hopp til innhold

Godkjent revidert ytelsesplan for den tredje referanseperioden

Noreg har fått godkjent vår reviderte nasjonale ytingsplan for den tredje referanseperioden (RP3) av ytingsstyringsregimet for flysikringstenestene (Performance and Charging Scheme), som er ein del av det større Single European Sky-programmet. Den tredje referanseperioden gjeld for åra 2020 til 2024.

Noreg leverte inn eit utkast til plan for RP3 hausten 2019, men koronapandemien gjorde det nødvendig med nye, reviderte ytingsplanar. Noreg leverte inn ein ny slik plan 12. oktober 2021.

Planen stiller krav til at flysikringsleverandørane for undervegsområdet og for dei fire største lufthamnene skal levera betre og meir effektive tenester. Det vert sett målbare krav til flysikringsleverandørane innanfor fire kategoriar: sikkerhet, miljø, kapasitet og kostnadseffektivitet.

Særskilt innanfor kategorien kostnadseffektivitet er det venta at planen vil bli krevjande for dei nasjonale flysikringsleverandørane. For undervegsområdet vert det til dømes stilt krav om ei flat utvikling av flysikringsavgiftene, samstundes som det vert stilt krav om at forseinkingar i flytrafikken skal verta haldne på eit moderat og akseptabelt nivå.

Det er ESA (EFTA Surveillance Authority), med bistand av PRB (Performance Review Body of the Single European Sky), som treffer avgjerda av om ytingsplanen skal verta godkjend. Ei slik avgjerd blei treft av ESA 6. april. Staten skal deretter vedta og publisera planen, og dette reknar ein for å vera gjort ved at Samferdselsdepartementet i skriv til Luftfartstilsynet 20. april har bede om at planen vert publisert og følgt opp.

I vedlegga kan ein sjå den norske ytingsplanen, samt avgjerda frå ESA om godkjenning av planen.