Havarikommisjonen vinn årets Tryggingspris!
På årets luftfartskonferanse var det Statens havarikommisjon (SHK) som fekk den høgt verdsette Tryggingsprisen. I Noreg har vi drive undersøkingar av ulukker i 100 år, i tenesta til flytryggleiken.
Nærare 300 deltakarar på årets Luftfartskonferanse var vitne til at luftfartsdirektør Lars Kobberstad overrekte Tryggingsprisen for 2023 til avdelingsdirektør Kåre Halvorsen, på vegne av Statens havarikommisjon.
For årelang innsats
Sidan Noreg fekk ei eiga luftfartslov for 100 år sidan (1923) har ein i Noreg undersøkt luftfartsulukker, med mål om å forhindre ulukker i framtida. Statens havarikommisjon er sånn sett del av ei lang og solid historie.
– Ein kan seie at det er verkeleg på tide at Havarikommisjonen fekk Tryggingsprisen, seier luftfartsdirektør Lars Kobberstad. – I grunngjevinga vår ynsker vi å anerkjenne dedikasjonen deira og framifrå bidrag til å heve tryggingsstandarden i norsk luftfart. Deira arbeid er ikkje berre viktig for Noreg, men også for den globale luftfartsindustrien, og ein slik pris er eit bevis på den utrøyttelege innsatsen deira for å sikre tryggare flyreiser for alle.
Avgjerande for å forstå kvifor ulukker skjer
SHK gjennomfører grundige, objektive og detaljerte undersøkingar av luftfartsulukker og hendingar. Dei nøyaktige analysane og rapportane deira gjev verdifull innsikt i årsakene til hendingar, som er avgjerande for å forstå og forhindre framtidige ulukker. SHK bidrar til ein sterk tryggingskultur ved å fremme openheit og læring frå hendingar.
Tryggingsåret 2023
Tryggingsprisen er både ei anerkjenning for god innsats over tid, men ho vert også gitt for innsats i året som var.
- SHK har igjennom rapportar etter ulukker foreslått gode tilrådingar som bidrar positivt til flytryggleiken, i 2023 gav SHK ut 10 rapportar.
- SHK er viktige bidragsytarar i flytryggingsdialogen igjennom deltakinga si i Luftfartstilsynets flytryggingsforum. Her deler SHK informasjon og dessutan opnar for dialog med aktørane om flytryggleik.
- I 2023 publiserte SHK sin første rapport etter ei droneulukke. Noko som er ein viktig milepæl i flytryggingsarbeidet, også for dronesegmenet.
Gratulerer med Tryggingsprisen
På vegne av heile luftfarten i Noreg gratulerer Luftfartstilsynet Luftfartsavdelinga i SHK med Tryggingsprisen for 2023!