Hopp til innhold

Restriksjonsområde i luftrommet over Husøy i Karmøy kommune

Husøy i Karmøy kommune, markert i Google maps.
Husøy, markert i Google maps. Foto: Google

Luftfartstilsynet har oppretta eit restriksjonsområde i luftrommet over Husøy i Karmøy kommune, i samband med militær aktivitet i området. Restriksjonsområdet er fastsett gjennom forskrift.

Restriksjonsområdet er markert med blå sirkel på kartet nedanfor. Restriksjonsområdet har ein radius på 0,5 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 3000 fot over middels havnivå.

 Kart over Husøy kommune med markert restriksjonsområde

Område markert på kartet

Restriksjonsområdet vil vera gjeldande heile døgeret til og med 8. desember 2024 kl. 23:59, lokal tid.

I denne perioden vil all flyging i restriksjonsområdet vera forboden. Forbodet gjeld også ubemanna luftfartøy og modellfly.

Operatørar som har særskilt behov for flyging kan ta kontakt med Forsvaret. Kontaktinformasjon vil bli publisert på NOTAM.

Det er gitt opning for særskilte tilpassingar for regelbunden lufttrafikk, militær-, politi-, ambulanse- og søk- og redningsoppdrag. Desse kan koordinera flygingane med Forsvaret.

Publisert: 06.12.2024