Hopp til innhold

Restriksjonsområde for ubemanna luftfart i luftrommet over Børvågen i Andøy

R-område Børvågen

Luftfartstilsynet har oppretta eit restriksjonsområde i luftrommet over Børvågen i Andøy kommune. Restriksjonsområdet er fastsett gjennom forskrift.

Restriksjonsområdet er markert med gul sirkel på kartet nedanfor. Restriksjonsområdet har ein radius på 2,7 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 2500 fot over middels havnivå.

Restriksjonsområde Børvågen

Restriksjonsområdet vil vera gjeldande heile døgeret frå 14. oktober 2024 til og med 31. desember 2024.
I denne perioden vil all flyging med ubemanna luftfartøy og modellfly i restriksjonsområdet vera forboden.

Operatørar som har særskilt behov for flyging kan ta kontakt med Andøya Space. Kontaktinformasjon vil bli publisert på NOTAM.

Det er gitt opning for særskilte tilpassingar for militær-, politi-, ambulanse-, brann-, søke- og redningsoppdrag. Desse kan koordinera flygingane med Andøya Space.

 

Sist oppdatert: 15.10.2024