Permanente restriksjonsområde og fareområde i luftrommet over Statnetts anlegg på Sunndalsøra
Luftfartstilsynet har 4. juli 2024 fastsett forskrift om oppretting av permanente restriksjonsområde og fareområde i luftrommet over Statnetts anlegg på Sunndalsøra.
Forskrifta opprettar permanente restriksjonsområde i luftrommet over Statnetts transformatorstasjonar på Aura og Viklandet, og dessutan eit permanent fareområde over kraftlinjene mellom transformatorstasjonane.
Områda fungerer som test- og utprøvingsområde for automatisk inspeksjon av kraftlinjer og uteanlegg ved droneoperasjonar. Inspeksjonsflygingane skjer med automatisk avgang og landing frå ein dronehangar, som er plassert inne på stasjonsområdet.
Formålet med oppretting av områda er å unngå fare for skadar og ulukker ved at bemanna eller ubemanna luftfartøy kjem i nærleiken av dronane ved linjeinspeksjonen. I tillegg ynskjer Statnett å forhindre uvedkomande i å fly over Statnetts stasjonar for å ta detaljerte bilete av stasjonskomponentane og med det samle inn detaljert informasjon.
Følgjande restriksjonar gjeld:
All flyging i restriksjonsområda er forbydd, med mindre særskilt løyve er gitt av Statnett eller Luftfartstilsynet. Kontaktpunkt for søknad om særskilt løyve skal kome fram av AIP Noreg. Flyforbodet gjeld all luftfart inkludert flyging med ubemanna luftfartøy og modellfly. Flyforbodet gjeld ikkje flyging i samband med militær-, politi-, ambulanse-, brann-, søke- og redningsoppdrag. Slike flygingar skal, dersom oppdraget tillèt, likevel vert koordinerte med Statnett. Flyforbodet gjeld ikkje flygingar utførte av eller på vegner av Statnett, og flygingar etter Avtalen om det opne luftrommet.
Nærare informasjon om restriksjonsområdet kan finnast på Lovdata:
Forskrifta tredde i kraft 4. juli 2024.