Skriv ut
Telefon:
75585000
Epost:
postmottak@caa.no
AFTN:
ENCAYAYA
Norway Civil Aviation Authority
P.O. Box 243
8001Bodø
P.O. Box 243
8001Bodø
AIC-N 17/23 20 DES
Krav til EASA-sertifikat for å fly i EØS-området og EU
Frå og med 20. juni 2022 har det vore krav til at ein pilot som flyr innanfor EØS-området eller EU på grunnlag av eit sertifikat gjeve ut frå styresmakta i ein tredjestat, må ha eit EASA-sertifikat i tillegg. Ein tredjestat er eit land utanfor EØS-området eller EU.
Til dømes om ein amerikansk pilot som har eit FAA-sertifikat, og som bur innanfor EØS-området eller EU, skal flyge eit amerikanskregistrert luftfartøy i EØS-området eller EU, må vedkommande i tillegg ha eit EASA-sertifikat.
Kravet er beskrive i grunnforordning (EF) nr. 216/2008 og blir vidareført når ny grunnforordning (EU) 2018/1139 trer i kraft i Noreg.
Referansar
- Forskrift om felleseuropeiske sikkerhetsregler for sivil luftfart og om etablering av et europeisk flysikkerhetsbyrå (EASA-forskriften)
- EF 216/2008, kapittel 2, grunnleggande krav, artikkel 4, punkt 2. Jf punkt 1, bokstav c (pdf på lovdata.no)