Hopp til innhold

Luftfartsselskap med driftsforbod i EU

Ikkje alle flyselskap i verda oppfyller dei europeiske krava til luftfartstryggleik. Slike selskap har ikkje lov til å flyge i europeisk luftrom, då dei blir sett på som usikre. Det kan likevel hende at dei flyg der du planlegg ferieturen din, utanfor Europa. Her kan du sjå kva selskap som ikkje får flyge i Europa.

Europa har gjennom sine standardar for luftfartstryggleik oppnådd eit særs høgt tryggleiksnivå. EU og dei enkelte landa i EU/EØS samarbeider med tryggleiksstyresmakter verda over for å heve tryggleiksstandardane i luftfarten og gjere reisa di tryggast mogleg.

EU-kommisjonen publiserer jamleg ei tryggleiksliste over flyselskap som har driftsforbod i EU. Det betyr i regelen at selskapet eller landet ikkje kan dokumentere eit tilfredsstillande tryggleiksnivå som minst er på høgde med det europeiske.

Tryggleikslista (safety list) blir regelmessig oppdatert på transportsidene til EU-kommisjonen.