Hopp til innhold

Flyplass

Under flyplassområdet fell tilsyn med og godkjenningar for landingsplassar og luftfartshinder, samt fastsetting av avgifter for bruk av dei tenestene som knyter seg til bruk av lufthamner. Her kan du lesa om hovudoppgåvene på fagområdet for flyplass.

Konsesjon

Ei overordna godkjenning for å etablera, inneha og drifta landingsplassar. Konsesjon vert gitt etter ei samla vurdering av samfunnsomsyn.

Sertifisering av lufthamner

Større lufthamner skal verta sertifiserte og bli ført tilsyn med etter eit felleseuropeisk regelverk. Dette er ein omfattande prosess, der ein har reglar om korleis drifta av lufthamna skal vera organisert, korleis lufthamna skal vera utforma, samt krav til at omgjevnadane rundt lufthamna er tilstrekkelig egna for inn- og utflygingar og for nødvendig kommunikasjon.

Teknisk/operativ godkjenning av landingsplassar

Reglar om teknisk/operativ godkjenning av landingsplassar gjeld i hovudsak for dei flyplassane og helikopterplassane som ikkje fell inn under dei felleseuropeiske reglane om sertifisering, og som vert brukte til instrumentbasert flyging, flyging med betalande passasjerar eller til baseverksemd for luftfartsføretak.

Luftfartshinder

Krav til at hinder som kan vera ein risiko for luftfarten skal verta rapporterte, registrerte og merka.

Lufthamnavgifter

Lufthamnavgifter for bruk av Avinor AS sine lufthamner vert fastsette av Luftfartstilsynet etter ein prosess med involvering av Avinor AS og flyselskapa. Gjeldande lufthamnavgifter kan du finne på Avinor AS sine heimesider.