Hopp til innhold

Råd til deg som vil søkje stilling hos oss

Register søknaden og CV-en din i databasen vår hos Webcruiter. For at vi skal kunne velje rett person til rett stilling, er det viktig for oss å vite mest mogleg om deg og kvalifikasjonane dine.

Vi er også interesserte i å vite meir om følgjande:

  • Kva er motivasjonen din for denne jobben?
  • Kvifor er du kvalifisert for denne jobben?
  • Kvifor skal vi velje nettopp deg?

Legg ved relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Alle som blir inviterte til intervju, blir bedne om å ta med vitnemål og attestar.

Refusjon av utgifter

Vi refunderer utgiftene dine til reise og ev. opphald etter rimelegaste alternativ dersom du må reise for å kome på intervju.

Tilbakemelding frå oss

Når du har søkt på ei stilling i Luftfartstilsynet, får du ein e-post som stadfestar at søknaden din er motteken. Når søknadsfristen har gått ut, gjer vi ei vurdering av alle søkjarane og kontaktar dei som er aktuelle for intervju.

Viss du synest det går lang tid utan at du høyrer noko, må du gjerne kontakte oss for å finne ut kor vi er i prosessen. Utlysingsteksten inneheld informasjon om kven du kan kontakte (dette er gjerne nærmaste leiar for stillinga). Eventuelt kan du kontakte HR-seksjonen vår for å få informasjon i tilsetjingssaka.

Først når tilsetjingsprosessen er avslutta, blir det sendt ut e-post om at stillinga er tildelt og kven som har fått henne.

Formelle tilsetjingsprosessar

Luftfartstilsynet følgjer lovene og reglane som gjeld for tilsetjingar i det offentlege. Det inneber mellom anna at vi har eit tilsetjingsråd som avgjer kven som skal tilsetjast. Rådet består av leiaren for avdelinga du søkjer jobb i, to representantar frå dei tilsette og to representantar frå arbeidsgivar. Dette skal sikre at alle tilsetjingar som blir gjorde, er rettferdige og baserte på kvalifiseringskrava i utlysingsteksten. Dei som sit i tilsetjingsrådet, deltek også på intervjua.

Utvida søkjarliste

Alle søkjarar til ei stilling har rett til å sjå ei utvida søkjarliste som inneheld informasjon om namn, alder, utdanning og arbeidserfaring for alle som søkjer på stillinga. Det er ikkje mogleg å sleppe å stå på denne lista. Ei utvida søkjarliste skal behandlast på same måte som andre dokument som er unnatekne offentleg innsyn. 

Du som jobbsøkjar og part i saka har rett til informasjonen i søkjarlista. Vi ber difor om at du behandlar informasjonen konfidensielt og makulerer den utvida søkjarlista når du har gått gjennom henne.

Offentleg søkjarliste

Luftfartstilsynet pliktar å utarbeide ei offentleg søkjarliste som gir informasjon om namn, kjønn, kommune og alder på alle søkjarane til ei stilling. Det gjeld særs strenge krav for å sleppe å stå på ei slik liste. 

Dersom du ønskjer at namnet ditt ikkje skal bli vist, må du krysse av og grunngi dette i søknadsskjemaet i Webcruiter. Du blir deretter kontakta og beden om å utdjupe kvifor du ønskjer unntak frå offentleg innsyn. Dersom søknaden ikkje blir innvilga, kan du velje å trekkje deg frå prosessen.